Hopp til hovudinnhald
Ledig stilling ved Haugesenteret, Ulvik

Er du vår nye museumsvert?

Er du glad i å møta nye menneske og få gjester til å kjenna seg velkomne? Haugesenteret i Ulvik ser etter fleksible og allsidige museumsvertar som vil skapa gode opplevingar for gjestene våre gjennom sommarsesongen. Kanskje er det nett deg me leitar etter?

Ein tilsett hjelper ei smilande ung kvinne ved ein disk med bøker og betalingsterminal. André Hustoft Nesheim

Arbeidsstad: Haugesenteret, Ulvik

Tittel: Museumsvert

Søknadsfrist: Snarast

Oppstart: Etter avtale

Stillingstype: Sommarvikar

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene som museumsvert inneber å ta imot publikum, halda omvisingar i utstillinga om Olav H. Hauge sitt liv og arbeid, og ekspedera i museumsbutikken. Du må lika å formidla informasjon og kunnskap til våre gjester, halda god orden og bør helst ha røynsle frå liknande arbeid. Interesse for lyrikk og litteratur vil gjera arbeidet ekstra spennande.  

Sommarvikarperioden er 4 veker i fellesferien, og helgevakter i perioden 2. mai til 30. august. Vaktplanen blir fordelt på to museumsvertar og høver difor godt for studentar og deltidstilsette. Det vil også vera aktuelt med arbeid under Poesifestivalen 11.–13. september.

Krav og kvalifikasjonar

Alle vertar vil få god opplæring. Hjå oss nyttar alle nynorsk i skriftlege samanhengar. Du må vera stødig i engelsk, og kan du fleire språk er det ein bonus.  

Du som søkjer bør helst vera over 18 år.

Vi tilbyr

Løn etter lokalt lønssystem. 

Om søknaden

Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument snarast til stilling@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden.

Kontakt

For meir informasjon om stillinga kontakt museumsleiar Jorid Lekve Eide, tlf. 41 04 44 49 og e-post: jorid.lekve.eide@nynorsk.no

Smilande museumsomvisar og publikum Nynorsk kultursentrum / Andre Hustoft Nesheim

Om Haugesenteret og Ulvik

Haugesenteret er ein av tre arenaer under Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Arenaen er eit nasjonalt senter for lyrikk med utgangspunkt i den lokale diktaren Olav H. Hauge. Me har som mål å vera ein viktig møtestad for lokalbefolkninga, så vel som eit attraktivt reisemål for turistar.

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, er ein kulturinstitusjon som gjennom vitskap og kunst formidlar nynorsk for hjarte og hovud til heile landet. Me har over 25 tilsette som arbeider frå Haugesenteret i Ulvik, Vinjesenteret i Vinje og Aasentunet i Ørsta. I tillegg har me mange samarbeidspartar i heile landet og når om lag 100 kommunar kvart år med arrangement og utstilling. Våre kjerneoppgåver er formidling, forsking og samling ved arenaene våre, turnear og digitalt.  

Poesibygda Ulvik byr på fantastisk natur og er eit attraktivt reisemål. Her kan du kombinera sommarjobb med aktiv fritid på fjord og fjell.

Les meir:

Behandling av personopplysningar i samband med rekruttering

Søkarar på stillingar i Nynorsk kultursentrum sender søknad, cv og personopplysningar til e-postadressa stilling@nynorsk.no. Det er berre ein person i organisasjonen som har tilgang til denne og behandlar opplysningane som kjem inn der.   

Når søknadsfristen er ute blir det laga ei søkarliste med følgjande informasjon om kvar kandidat til stillinga: Namn, bustadkommune, fødselsår, noverande arbeidsstad og høgaste utdanning. Desse opplysningane blir lagra etter at tilsetjingsprosessen er over. All anna personinformasjon (søknad, cv og kontaktdata) blir sletta etter at tilsetjinga er gjennomført.   

Nynorsk kultursentrum har offentlege søkarlister. Om du ikkje skal stå på ho, må du be om unntak i søknaden. Du vil eventuelt få dette innvilga frå administrasjonen. Dei offentlege søkarlistene inneheld namn, bustadkommune, fødselsår og noverande stillingstittel.   

Det blir utnemnd eit tilsetjingsutval med inntil tre personar for kvar tilsetjing. Den som har personalansvaret for stillinga leiar dette utvalet. Utvalet har teieplikt om alt som kjem fram i tilsetjingsprosessen.   

Nynorsk kultursentrum verken kartlegg eller lagrar sensitive personopplysningar. Vi sender heller ikkje vidare noko informasjon om søkarar utan samtykke frå kandidaten.   

Dine rettar etter personopplysningsloven  
Alle har rett til generell informasjon om korleis Nynorsk kultursentrum behandlar opplysningar. Alle personar vi har registrert personopplysningar om, har rett på innsyn i det som er registrert om ein. Om desse opplysningane er feil, kan du krevje at dei blir retta eller sletta.