Hopp til hovudinnhald
Ledig stilling:

Er du vår nye sals- og marknadsrådgivar?

Vil du vere med å leggje til rette for og selje musea våre som attraktive besøks- og reisemål for eit variert publikum? Nynorsk kultursentrum har ledig stilling som sals- og marknadsrådgivar frå 1. august. Arbeidsstaden er ved Aasentunet i Ørsta.

Alle tre arenaer, Haugesenteret, Aasentunet og Vinjesenteret Ingvild Skeie Ljones, Nynorsk kultursentrum

Arbeidsstad: Aasentunet, Ørsta

Tittel: Sals- og marknadsrådgivar 

Utdanning: Bachelor i marknadsføring, reiseliv eller tilsvarande

Søknadsfrist: 19. mai 2026

Oppstart: Stillinga er ledig frå 1. august, oppstart etter avtale

Stillingstype: Fast stilling 100 %

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å styrke kjennskapen til musea våre og til Nynorsk kultursentrum generelt, å selje inn musea som reisemål for både enkeltreisande og gruppebesøk, og å marknadsføre aktivitetane i musea og på festivalane våre. Vi søkjer ein medarbeidar som når fram til etablerte publikumsgrupper og samtidig leiter etter nye og relevante målgrupper for tilboda våre. Du vil samarbeide tett med andre tilsette om å planleggje og gjennomføre sals- og marknadsføringstiltak og utvikle kontakt med mediemiljø og reiselivsaktørar.  

Det er høgt tempo i enkelte periodar, og du må kunne jobbe sjølvstendig, samarbeide godt med andre og sjonglere fleire oppgåver samtidig. Du må like å skrive og vere språksikker både munnleg og skriftleg. Du får bruk for evnene dine til å snakke med folk og til å selje inn saker i fleire kanalar.

 

Krav og kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg med bachelor i marknadsføring, sal, reiseliv eller tilsvarande fagområde og kompetanse. Erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for formell kompetanse. Du har god kjennskap til digitale verktøy som publiseringssystem og InDesign. Du vil også samarbeide med andre om å vidareutvikle butikkane våre i musea, og ha ei koordinerande rolle for butikk- og billettsystem i organisasjonen.

Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon.

Vi tilbyr

Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, god pensjonsordning i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon og gruppelivsforsikring. Du får tilgang til kulturelle opplevingar, fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i tråd med lokalt lønssystem.   

Stillinga er ledig frå 1. august 2026. Kontorstad er i Aasentunet i Ørsta.  

Om søknaden

Send søknad med cv som eitt samla pdf-dokument seinast 19. mai 2026 til stilling@nynorsk.no. Merk søknaden med stillinga du søker på. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden.  

Kontakt

Ta kontakt med administrasjonssjef Gaute Øvereng, tlf. 47 33 41 44 for meir informasjon om stillinga. 

Om Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, er ein kulturinstitusjon som gjennom vitskap og kunst arbeider for ein kulturell fellesskap i Noreg der det språklege mangfaldet er sjølvsagt. Stiftinga formidlar kunnskap og kultur til heile landet, digitalt og gjennom turnear og arrangement. Nynorsk kultursentrum driv musea Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje og tre festivalar.

  

Les meir:

Offentleglova og personopplysningar

Nynorsk kultursentrum følgjer offentleglova og utarbeider offentlege søkarlister. Om du ikkje vil stå på denne må du søke om og grunngi det i søknaden. Om administrasjonen meiner det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed om det og tilbod om å trekke søknaden. Dei offentlege søkjarlistene inneheld namn, bustadkommune, fødselsår og noverande stillingstittel.   

Alle personopplysningar blir handsama i tråd med personvernforordninga, på grunnlag av artikkel 6 nr. 1 bokstav b.

Alle har rett til generell informasjon om korleis Nynorsk kultursentrum behandlar personopplysningar. Alle personar vi har registrert personopplysningar om, har rett på innsyn i det som er registrert om ein. Om desse opplysningane er feil, kan du krevje at dei blir retta eller sletta.