Hopp til hovudinnhald

Fager er jordi

Fager er jordi,
herleg er Guds himmel,
glade gjeng sjelene pilgrimsgong.
Gjennom dei fagre
rike på jordi
gjeng me til paradis med song.

Tider skal koma,
tider bort skal kverva,
ætt skal fylgja ætt på rad.
Aldri skal tagna
tonen frå himlen.
Høyr dette glade pilgrimskvad!

Englane song det
fyrst for hyrdingflokken,
vent det tona for sjeli mødd:
Fred over jordi,
menneske, gled deg!
Oss er ein evig frelsar fødd!


Tekst: Bernhard Severin Ingemann 1850. Til nynorsk ved Gunnar Rysstad i Syn og Segn 1900.
Melodi: Ukjent opphav. Eldste trykte kjelda er samlinga ”Schlesische Volkslieder”, Breslau 1842
Kjelde: ”Det lyser i stille grender”. Syng jula inn, 2000

 

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2