Fager kveldsol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.
Berre bekken brusar
frå det bratte fjell,
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld!
Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
ingi klokke bera
honom kvilebod.
Så mitt hjarta stundar,
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.
Tekst: August Heinrich Hoffman von Fallersleben (1837, trykt 1839). Til norsk ved Peter Hognestad i Norsk Barneblad 4.12.1904, med endra siste strofe i Stille Stunder, 1910
Melodi: Chr. H. Rinck ca. 1814.
Kjelde: Ivar Grimstad (red): Songbok for pensjonistlag og andre lag, 2. utgåva 1987.