Fem utvalde blir nynorske pilotbibliotek

Avdelingsleiar Tone Slenes gler seg til å begynne samarbeidet med dei utvalde nynorske pilotbiblioteka.

Nynorsk kultursentrum har valt ut fem kandidatar til å vere nynorske pilotbibliotek i 2021–2023. Satsinga skal gjere nynorsk kultur og litteratur meir synleg sør og aust i Noreg.

Gjennom den nye satsinga med nynorske pilotbibliotek skal Nynorsk kultursentrum og biblioteka samarbeide for å styrkje kunnskapen om nynorskformidling. Nynorsk kultursentrum fekk inn 24 søknader frå skule- og folkebibliotek i kommunar med nynorskelevar: tre frå Agder, tre frå Viken, seks frå Innlandet og tolv frå Rogaland.

Desse fem biblioteka er utvalde som nynorske pilotbibliotek:

– Innlandet: Lom folkebibliotek
– Rogaland: Sandnes bibliotek
– Rogaland: Skulebiblioteket ved Skeisvang videregående skole
– Viken: Hemsedal bibliotek
– Agder: Hægebostad og Eiken bibliotek

– Vi fekk inn gode søknader, og det var vanskeleg å velje. Vi gler oss over at så mange bibliotek er engasjerte i formidling av nynorsk kultur og litteratur. Vi har lagt vekt på å velje bibliotek som har levert sterke søknader, som er motiverte, og som ser ut til å ha kapasitet til å delta i aktivitetane det er lagt opp til. Desse omsyna har vi vege mot eit ønske om å ha med både bygder og byar, seier Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum.

Eit av måla med satsinga er å gjere nynorsk synlegare for barn og vaksne i nedslagsfelta til dei utvalde biblioteka.

– Nynorsk kultursentrum vil vere med på å styrkje den nynorske sjølvtilliten i områda saman med lokale folkebibliotek og skulebibliotek. Saman kan vi fremje nynorsken og det språklege mangfaldet i landet vårt, seier Slenes.

Dei fem pilotbiblioteka får kvart år tilbod om tre arrangement, to utstillingar, føredrag og ei årleg formidlingssamling for bibliotekarar. Nynorsk kultursentrum vil lage eit brukarpanel saman med biblioteka for å få tilbakemeldingar og idear til utstillingar og arrangement.

Nynorsk kultursentrum har fast verksemd i Aasentunet i Ørsta, på Haugesenteret i Ulvik og på Vinjesenteret i Vinje. Stiftinga driv fleire nettstader og reiser kvart år rundt i 50–100 kommunar med utstillingar, arrangement og turnear.