Forfattarmøte med Tore Renberg

Bilete av Tore Renberg.
Forfattar Tore Renberg besøkjer biblioteka i Brattvåg, Giske, Ulstein, Vanylven og Ålesund.

Møre og Romsdal har ikkje eit eige litteraturhus, men mange hus som kan fyllast av litteratur. Prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal er godt i gang, og 10.–12. mars besøkjer forfattar Tore Renberg biblioteka i Brattvåg, Giske, Ulstein, Vanylven og Ålesund. 

Tore Renberg har begeistra litteraturkritikarar og lesarar med den nyaste boka si: Tollak til Ingeborg vann Bokhandlarprisen 2020 som første nynorske bok sidan Tarjei Vesaas fekk prisen for Bruene i 1967. 

Renberg er kjend for lysande portrett av vanlege og uvanlege menneske, og ikkje minst av norske menn. I den nyaste boka fortel Renberg om Tollak, ein mann som har sterke krefter i seg – til arbeid, til kjærleik og til destruksjon. 

– Førre veke besøkte Ruth Lillegraven seks barneskular i Fjord, Stranda og Volda kommune. No ser vi fram til at dei som bur i Giske, Ulstein, Vanylven og Ålesund kommune, får eit møte med litteraturen til Tore Renberg, seier Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum. 

Med prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal gir Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka i kommunane. 

Arrangementa er gratis, men med avgrensa plass er det krav om påmelding på førehand. Biblioteka er ansvarlege arrangørar og har system for påmelding, informasjon og smittevern. 

Utover våren skal fleire kjende forfattarar leggje ut på turné på Sunnmøre: Brit Bildøen, Lisbeth Dreyer og Gunnar Garfors. Prosjektet sikrar også at utvalde skular får besøk av forfattarane Hilde Myklebust, Helene Guåker og Sigrid Agnethe Hansen.  

Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane som deltek, og andre aktørar med regional forankring. 

Det står meir informasjon om prosjektet her, og om arrangementa på Facebook-sidene til biblioteka. Du kan også følgje prosjektet på facebook.com/LitteraturhusiMoreogRomsdal. 

Boka Tollak til Ingeborg kan du kjøpe i Nynorsk kultursentrums nettbutikk: handlenett.no.