Hopp til hovudinnhald

Aasentunet søkjer formidlar i vikariat!

Er du idérik med sans for både formidling, pedagogikk og struktur? Vil du skape gode og artige opplevingar med nynorsk historie, språk og litteratur for barn og ungdom? Aasentunet søkjer vikar i 50% stilling som formidlar frå 1. januar 2027 til 30. juni 2027.

Jente peikar på ein monter i utstillinga i Aasentunet medan ein tunvert står og ser på André Hustoft Nesheim

Arbeidsstad: Aasentunet

Tittel: Formidlar

Søknadsfrist: 15. november 2026

Oppstart: 1. januar 2027

Stillingstype: Vikar i 50 % stiling

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene som formidlar i Aasentunet vil vere planlegging, organisering og gjennomføring av dei faste tilboda for barn og ungdom: Les for livet, Snakk om språk og Bli kjend med Ivar Aasen. Formidlaren har også ansvar for omvisingar ved barnehage-, skule- og gruppebesøk.

Det kan bli aktuelt med andre oppgåver og arrangement utover dette. Du må rekne med noko helge- og kveldsarbeid i samband med gjennomføring av arrangement og Dei nynorske festspela. 

Krav og kvalifikasjonar

Vi ønskjer oss ein kreativ og sjølvstendig formidlar, og gjerne nokon med relevant utdanning og pedagogisk erfaring. Røynsle frå museum eller andre formidlingsinstitusjonar kjem godt med. Du bør trivast med å jobbe i høgt tempo, like å snakke framfor større grupper, ha sans for orden og system, vere stø i nynorsk og ha god kjennskap til engelsk.

Vi tilbyr

Museumsleiar er nærmaste overordna i eit triveleg og tett arbeidsmiljø. Vi tilbyr ein idémyldrande bedriftskultur og engasjerte kollegaer, ein ryddig organisasjon, ei romsleg fleksitidsordning, medlemskap i Statens pensjonskasse som inkluderer avtalefesta pensjon, og gruppelivsforsikring. Løn i samsvar med det lokale lønssystemet vårt. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke.

Om søknaden

Søknadsfristen er 15. november 2026.

Du søkjer ved å fylle ut dette skjemaet.

Merk at du må laste opp sjølve søknadsteksten og CV (inkludert referansar) som vedlegg.

Kontakt

Ta kontakt med museumsleiar Tone Slenes, tlf. 91 51 88 22 for meir informasjon om stillinga. 

 

Ei jente snurrar på svadageneratoren i utstillinga i Aasentunet André Hustoft Nesheim

Om Aasentunet og Nynorsk kultursentrum

Aasentunet er eit av få språkmuseum i Norden. Her kan barn og vaksne oppleve språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Aasentunet er ei avdeling i Nynorsk kultursentrum.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for nynorsk skriftkultur, forvaltar, formidlar og forskar på nynorsk språk og litteratur. Dette skjer i form av arrangement og utstillingar i heile landet og på ulike digitale flater, og ved dei tre musea våre: Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje. Vi når om lag 100 kommunar i heile landet med arrangement og utstillingar kvart år.

Les meir:

Offentleglova og personopplysningar

Nynorsk kultursentrum følgjer offentleglova og utarbeider offentlege søkarlister. Om du ikkje vil stå på denne må du søke om og grunngi det i søknaden. Om administrasjonen meiner det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed om det og tilbod om å trekke søknaden. Dei offentlege søkjarlistene inneheld namn, bustadkommune, fødselsår og noverande stillingstittel.      

Alle personopplysningar blir handsama i tråd med personvernforordninga, på grunnlag av artikkel 6 nr. 1 bokstav b.    

Alle har rett til generell informasjon om korleis Nynorsk kultursentrum behandlar personopplysningar. Alle personar vi har registrert personopplysningar om, har rett på innsyn i det som er registrert om dei. Om desse opplysningane er feil, kan du krevje at dei blir retta eller sletta.