Hopp til hovudinnhald

Forsking

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, er ein vitskapleg institusjon som forskar og dokumenterer.

  • Oversiktsbilete frå biblioteket
    1/1
    Frå biblioteket i Aasentunet David Borland / Nynorsk kultursentrum

Forskingsprosjekt og forskargrupper vi deltek i

Nettverk for poetisk tenkjing er drive av Nynorsk kultursentrum, og har forskarar frå fleire universitet, høgskular og museum i Noreg. Nettverket har vitskaplege seminar kvart andre år, og gir også ut bøker og temanummer av tidsskrift. Kontaktperson er Stein A. Hevrøy 

Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd? Næringslivshistorie frå Møre og Romsdal er drive av Romsdalsmuseet og er eit samarbeid mellom alle museum i Møre og Romsdal. Kontaktperson hjå oss er Stina Aasen Lødemel

Forskargruppe for skriftkulturar er drive av Høgskulen i Volda og har fleire deltakarar frå oss. Kontaktperson hjå oss er Fredrik Hope

Prosjekt om forskingsinfrastruktur for musea i Vestland er drive av Musea i Sogn og Fjordane for alle musea i Vestland. Kontaktperson hjå oss er Stein A. Hevrøy.

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2