Forskinga vår

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, er ein vitskapleg institusjon som forskar og dokumenterer.

Biblioteket i Aasentunet.

Sjå profilane til forskarane våre i Cristin for å sjå meir om kva dei forskar på og kva dei har publisert.

Narve Fulsås, professor i historie, forskar II
Stein Arnold Hevrøy, master i filosofi, konservator NMF
Fredrik Hope, master i nynorsk skriftkultur, konservator
Stine Stennes Hovdenakk, master i historie, konservator
Øystein Hide, stipendiat i nynorsk skriftkultur, konservator (vikar)
Stina Aasen Lødemel, masterstudent i nynorsk skriftkultur, spesialrådgivar
Per Magnus Finnanger Sandsmark, master i kulturhistorie og museologi, direktør

Nettverk for poetisk tenkjing er drive av Nynorsk kultursentrum, og har forskarar frå fleire universitet, høgskular og museum i Noreg. Nettverket har vitskaplege seminar kvart andre år, og gir også ut bøker og temanummer av tidsskrift. Kontaktperson er Stein A. Hevrøy 

Protestantisk etikk og kapitalistisk ånd? Næringslivshistorie frå Møre og Romsdal er drive av Romsdalsmuseet og er eit samarbeid mellom alle museum i Møre og Romsdal. Kontaktperson hjå oss er Stina Aasen Lødemel

Forskargruppe for skriftkulturar er drive av Høgskulen i Volda og har fleire deltakarar frå oss. Kontaktperson hjå oss er Fredrik Hope. 

Prosjekt om forskingsinfrastruktur for musea i Vestland er drive av Musea i Sogn og Fjordane for alle musea i Vestland. Kontaktperson hjå oss er Stein A. Hevrøy.

Per Magnus F. Sandsmark (2022): Regional stode for nynorsk skriftkultur 2021 (PDF · 0,5 MB).

Per Magnus F. Sandsmark (2019): Den som teier samtykkjer kanskje. Språk i fylkestingsvalet 2019 (PDF · 0,8 MB).

Ottar Grepstad (2012): Språkfakta Sogn og Fjordane (PDF · 19,8 MB).

Ottar Grepstad (2018): Language museums of the world (PDF · 6,2 MB).

Per Magnus F. Sandsmark (2019): Biroller. Ei utstilling om litteratur der homofile, bifile og transpersonar har hovudrolla (PDF · 42,2 MB). Med tekstar av Kristin Fridtun, Silje Hernæs Linhart, Per Esben Myren-Svelstad og Per Magnus F. Sandsmark.

Guro Solheim og Anders Aanes (red.) (2019): Tiller og lesarane (PDF · 14,1 MB). Med tekstar av Ruth Lillegraven, Annemari Neple, Eivind Myklebust, Siri Beate Gjerde og Carl Frode Tiller.

Stein A. Hevrøy (2019): Olav H. Hauge, til sals på handlenett.no.

Ottar Grepstad (2018): Aasen-bibliografien (PDF · 7,7 MB). Fysisk utgåve til sals på handlenett.no.

Ottar Grepstad (2017): Vinje-bibliografien (PDF · 4,6 MB).