Hopp til hovudinnhald

Frå joletre til juleroser

Like sikkert som at adventsstjernene dukkar opp i vindauga i heimane før jul, like sikkert er det at julehefta kjem i handelen. I denne utstillinga viser me fram ein tradisjon der nynorsken har stått sterkt. 

  • Del av utstillinga
    1/1
    Frå utstillinga

Juleheftetradisjonen er svært omfangsrik, så det er naturleg nok eit utsnitt av historia ein får sjå, med vekt på både dei litterære julehefta og teikneserietradisjonen. Utstillinga skaper ein fin ramme til å vise fram julehefte eller bøker som er skrivne om emnet.    

Julehefte-tradisjonen byrja som eit forlagsinitiativ i Danmark, men spreidde seg raskt til Noreg i 1880-åra. Norsk Barneblad, det eldste barnebladet i verda, gav ut det første juleheftet «Joletre» i 1898. Det første litterære juleheftet på nynorsk for vaksne kom i 1905. For mange som vaks på 1940-, 1950- og 1960-talet, er julehefta ein viktig del av jula, og gir ein smak av barndom og oppvekst.

I dag er det kanskje likevel først og fremst teikneseriane ein tenkjer på når det kjem til julehefte. Smørbukk, Vangsgutane, Tuss og Troll og Ingeniør Knut Berg blir her rekna for å vere dei viktigaste. 

  • Del av utstillinga
    1/1
    Frå utstillinga

Utstillinga består av:
9 stk. plansjar i str. 50x50 cm
3 stk plansjar med sitat, str. 135x50 cm
1 stk tittelbannar, str. 85x200 cm
3 stk, bannarar, str. 85x200 cm

Kurator: Anders Aanes
Utforming: Jorid Lekve Eide