I samband med opninga av Vinjesenteret for dikting og journalistikk, har Nynorsk kultursentrum utfordra eit utval forfattarar og journalistar til å skrive ein tekst som utforskar forholdet mellom fakta og fantasi. I teksten nedanfor tek Frode Grytten fatt på temaet.

Bilete av Frode Grytten
Foto: Helge Skodvin

Gjensyn med første person eintal

Eg kan sjølvsagt ikkje vere hundre prosent sikker på at det faktisk er eg-personen frå mi eiga novelle som har flytta inn i etasjen over. Men etterkvart er det ein tanke og ein teori som gir meining. Eg passerer den konkrete eg-personen i trappeoppgangen fleire gongar i løpet av nokre septemberveker. Han er på veg opp. Eg er på veg ned. Han er på veg ned. Eg er på veg opp. Vi verken helsar eller ser kvarandre i augene. I seg sjølv er  ikkje ein slik mangel på kontakt så underlig, ingen har meldeplikt i vårt burettslag, men eg hugsar den gongen vi flytta inn her, då ringte vi på alle dørene og presenterte oss med fullt namn. Eg trur vi tenkte på det som ei investering i godt naboskap. 

Eg-personen verkar å vere av den sky, meir udefinerbare typen. Han er ein god del yngre enn meg, han er også ein god del høgare enn meg. Eg er i ferd med å bli skalla, mens denne eg-personen har tett, mørkt hår. Han er velkledd når vi møter kvarandre i trappa, han går rundt i grå eller mørke dressar, ein morgon har han til og med på seg ein elegant frakk og ein stilig hatt. Hatt! Eg spør kona mi om ikkje ho også synest at det er noko kjent med fyren. Ho ristar på hovudet. Eg har han frå ein stad, seier eg, ja, eg er heilt sikker på at eg har sett han før.

Det går eit par veker før det slår meg at dette kan vere eg-personen frå ei av mine eigne noveller. Ein oktoberkveld kikkar eg ut vindauget og oppdagar den nye naboen. Då står han under ei gatelykt og snakkar i mobilen. Det heile ser litt merkelig ut sidan dette er ein ganske sur kveld. Korfor står han eigentlig der ute i regnet? Korfor går han ikkje dei få trappetrinna opp til seg sjølv og held fram med å snakke i eit varmt og tørt rom? 

Ei erkjenning søkk inn i meg. Dette må vere eg-personen frå ei av mine eigne noveller. Ja, det må det. Han kan ikkje vere noko anna. Mannen står ute i regnet med mobilen, akkurat slik ein eg-person i ei novelle skal. Problemet er at eg ikkje kjem på kva novelle denne fyren opererer i. Eg har skrive mange noveller opp gjennom åra, men eg burde  opplagt makte å hugse tittel og handling. Dette må vere ei eldre novelle, kanskje til og med blant dei første eg skreiv. Eg har ei klar kjensle av at det er ei kjærleiksnovelle, eg  har skrive flest slike, så det gir meining, og eg meiner bestemt at den aktuelle novella er  forma som eit kjærleiksbrev frå ein mannlig eg-person til ein kvinnelig du-person.

Eit par dagar seinare nemner eg dette for kona. Vi vaskar opp etter middag, og eg seier  at eg trur at den nye naboen kan vere ein eg-person frå ei av mine noveller. Kona mi  svarar ikkje med det same. Eg gjentar at eg trur mannen over oss er eg-personen frå ei av novellene mine. Korfor trur du det? spør ho. Nei, det er bare ei kjensle, svarar eg, måten han oppfører seg på, korleis han ser ut, heile auraen rundt han. Kva novelle er det, då? spør kona mi. Nei, det veit eg ikkje, svarar eg.

Det er sjølvsagt litt pinlig. Eg burde kunne svare på det. Eg har til og med bladd gjennom den tjukke Noveller i samling som forlaget ga ut i samband med min 60 årsdag. Eg  skumlas samtlige noveller, men kunne ikkje finne den historia eg meinte eg leita etter. Du kan jo høre med han sjølv neste gong du treff han, seier kona mi og skjenker eit glas vin  til kvar av oss. Eller du kan gå opp no og spørje han rett ut. Ok, seier eg, skal eg liksom gå opp der og spørje han kva novelle han har stukke av frå? Han kjem til å tru at eg er  ramlande galen. Ja, det kjem han nok til å tru, seier kona mi.

Eg tar til å loggføre alt eg ser av naboen og alt eg hører frå han. Kva tid eg møter han i oppgangen. Kva tid eg ser han frå vindauget. Kva tid på døgnet eg hører han gå over golvet. Kva musikk eg trur han spelar der oppe. Kva tv-program eg trur han ser på. Ein  dag oppdagar eg naboen tilfeldig på gata og tar til å følge etter han. Det skjer ikkje noko  spesielt. Etter å ha hengt på naboen gjennom nokre kvartal, ser eg han forsvinne inn på ei kaffisjappe. Litt etter kjem ein annan mann og sit seg ned ilag med han. Dei drikk kaffi  og preikar. Han andre mannen liknar ganske mykje på vår nabo, så eg tipper at det kan  vere broren.

Eg forsøker å finne ut kva eg-personen heiter. Eg sjekkar postkassa og ringeklokka, eg  tar kontakt med leiaren i burettslaget og spør etter epost-adressa til den nye naboen. Dette kjem det ingenting ut av. Mannen forblir namnlaus, ein NN som har dukka opp frå  ei gammal novelle. Vanligvis liker eg å skrive novellene mine slik at eg-personen bare er ein eg, ein førsteperson forteljar utan fornamn eller etternamn, utan for mange  eigenskapar eller kjenneteikn. Eg har tenkt at då vil lesaren lettare kunne identifisere seg med novellas midtpunkt, eller at det vil gjøre det meir innbydande å dikte med. Straks

forteljaren skal heite noko, gir det føringar for korleis vedkommande ser ut, kvar han eller ho kjem frå, kva sosial klasse han eller ho tilhører. Eg vil at lesaren sjølv skal finne ut av alt slikt. No irriterer det meg at eg ikkje har gitt denne personen eit namn, det hadde gjort ting langt enklare.

Korleis går det med ditt lyriske eg? spør kona mi ein laurdag morgon vi et sein frukost. Ho gjør eit lite nikk med hovudet opp mot taket, slik at eg straks forstår kva ho meiner. Usikker, svarar eg. Han er ikkje så lett å bli klok på, eg trur han er ungkar, han ser jo bra ut, men eg har ikkje registrert kjærastar eller elskerinner eller elskarar. Eg veit rett og slett ingenting om han, seier eg, og det er gjør meg urolig.

Men du elskar jo slike karakterar, seier kona mi. Korleis då? spør eg. Vel, litt mystiske og maskuline fyrar, sånn Alain Delon-aktige menn som glir gjennom tåkete gater, du skriv  som om denne byen her var Paris, ja, du skriv som om du var han, kva heiter han  nobelprisvinnaren igjen, han franske? Du tenker på Patrick Modiano? Ja, du forsøker å skrive som du er ein norsk Modiano, gjør du ikkje? Nei, det gjør eg ikkje, protesterer eg,  Modiano er bra, men eg skriv ikkje slik som han. Korfor kan du ikkje skrive om oss to, då? spør kona mi. Om oss to? spør eg. Ja, om oss to, eller om eit heilt vanlig ektepar.

Den laurdagen går eg opp ein etasje og stansar framfor døra til den nye naboen. Eg  vurderer sterkt å ringe på for å konfrontere han med situasjonen som har oppstått.

Korfor har han dukka opp her utan forvarsel? Kva ønsker han å få ut av dette? Kven er han? Kva novelle kjem han frå? Eg blir ståande stille. Frå innsida hører eg lyden av ei skrivemaskin, det er av den gamle typen, der ein må slå med stor kraft på tastane.

Eg høyrer ei intens knatring, som om nokon skriv i transe eller i sinne.  Eg skreiv sjølv  mine første noveller på skrivemaskin, men det var ei elektrisk ei, far min kjøpte ho til meg den hausten eg tok til å studere. Eg hugsar endå kjensla då eg plasserte meg framfor  maskina borte på den vesle, kalde hybelen, sette inn eit kvitt ark og hamra ned mi første novelle. 

Det neste som hender er at ei kvinne flyttar inn i eine bustaden på andre sida av gata.  Eg ser dei komme med flyttelasset ein kald dag i november. Dette er proffe folk som får alle kassar og alle møblar inn og opp i tredje etasje på forbløffande kort tid. Eg står i  vindauget og ser kvinna dirigere og gi beskjedar til flyttefolka. Ho er kledd i lyse bukser og brun dyffel, ho har langt mørkt hår og kan vere i slutten av trettiåra. Eg veit ikkje  korfor, men det slår meg at denne flyttinga er resultat av eit samlivsbrot eller ei skilsmisse, at det ligg ei dramatisk historie skjult under overflata i desse enkle og dagligdagse rørslene.

Dei neste vekene tar eg til å følge med på kvinna der borte, sjølvsagt på eit såpass  diskret vis at det ikkje automatisk gjør meg til ein kikkar eller stalker. Det er eigentlig  vanskelig å la vere å sjå over dit, ja, nesten umulig vil eg seie, sidan ho endå ikkje har fått opp gardiner. Eg ser kvinna stå opp om morgonen, eg ser ho svinse rundt i helgene,  eg ser ho stå med ein tekopp i hendene om kvelden. Hennar nærver i gata er  distraherande, det må eg innrømme, ikkje minst fordi eg har plassert skrivepulten min slik at eg ser ut mens eg arbeider. Eg må innsjå at fleire dagar med skriving går fløyten fordi  eg sit og glor over gata.

Det er vanskelig å vite dette, men etter nokre veker verkar det som om kvinna blir merksam på meg også. Ja, eg er nokså sikker på det. Ho søker aktivt mot vindauget, står der og ser over mot vår bustad. Det heile utviklar seg til eit rituale, kvar kveld før vi går til sengs står vi og stirer på kvarandre. Først har dette ritualet  ein  varigheit på bare nokre sekund, etter kvart tar det lenger tid, vi kan bli ståande i fleire minutt.

Det skjer ikkje noko anna enn at vi står i ro. Jo, eg kan nok drømme om at det skjer meir, det hender at eg vaknar om morgonen og har drømt at kvinna til dømes har opna blusen for meg eller har vist seg delvis naken for meg, men noko slikt skjer sjølvsagt aldri i det  verkelige livet. Vi står bare i ro. Ho der borte. Eg her heime. 

Ein kveld blir eg tatt på fersken av kona mi. Ho kjem frå badet langt kjappare enn ho vanligvis gjør. Vi har no levd saman så lenge at eg veit nøyaktig kor lang tid ho treng til å stelle seg inne på badet, men denne kvelden står ho brått i døropninga og oppdagar meg borte ved vindauget. Eg gjør jo ikkje noko galt, likevel kjenner eg meg skuldig. Kona mi  seier ingenting og vender rolig tilbake til badet. I dobbeltsenga legg ho Patrick Modiano-romanen på nattbordet straks eg kjem inn. Ho tar av seg brillene og ser på meg.

Har du ikkje forstått kven ho er? spør kona mi. Kven? spør eg og gjør meg dum. Har du  endå ikkje skjønt det? spør ho og himlar med augene. Det er jo du som liksom er  kunstnaren i familien, det er du som skal ha fantasien og skaparkrafta og innlevingsevna. Kven er ho, då? spør eg. Ho er du-personen i novella di, seier kona mi. Ho er du-personen som flyttar inn i bustaden på andre sida av gata, og som eg-personen blir fullstendig oppslukt av. Det er heller ikkje deg ho står og stirer over på kvar kveld, det er eg-personen din som står i etasjen over.

Eg ventar litt, eg må la alt dette søkke inn. Er du sikker? spør eg. Nei, eg er ikkje sikker, det er di novelle, men kan det vere annleis? spør kona mi. Vi blir liggande stille på kvar  si side av senga. Eg hører steg i etasjen over. Så kjem nokon ned trappeoppgangen.  Utedøra blir opna og smell igjen. Nokon går over gata. Du veit, seier kona mi, ein kan ligge ved sida av eit menneske kvar natt eit heilt liv utan at ein veit så mykje om det mennesket. Kva meiner du med det? spør eg. At eg ikkje veit kven du er, og at du heller  ikkje veit kven eg er, seier ho. Eg hører eit hikst frå kona mi i mørket, eg veit ikkje om det er ein type latter eller ein type gråt. Kanskje er det noko midt imellom.

Eg tar til å lese alle novellene mine på ny. Denne gongen særs nøye og metodisk. Eg har fått det for meg at bare ved å finne den aktuelle novella kan eg få kontroll på situasjonen som har oppstått. Men etter å ha pløgd meg gjennom Noveller i samling, etter å ha leita i antologiar og magasin og min eigen dropbox i jakt på den novella, finn eg bare karakterar og grunnsituasjonar som vagt minner om det vi står i no.

Eg ser gjennom filmar av Francois Ozon og Jean-Pierre Melville og Patrice Leconte. Ein desemberkveld ser eg Mannen i vinduet, og då tenker eg: Her er det, dette er historia, ja, no fann eg ho, endelig fann eg historia, eg er sjølvsagt den nesten-skalla Monsieur Hire-karakteren som forelskar seg i kvinna i bustaden over gata. Men filmen ender ut i eit mord og eit melodrama med lynnedslag og ei blodflekka regnkåpe, og eg tenker at det er ikkje akkurat der vi er. Det kan det umulig vere. 

Heile tida hører eg kikkinga frå skrivemaskina over oss. Det knatrar og sprakar og smattar. Det er plagsamt, seier eg. Den lyden? spør kona mi. Eg hører han knapt. Nei, det er ein skikkelig høg lyd, seier eg. Slik han fyren held på, må det minst vere ein mursteinsroman han skriv på, kanskje til og med ein trilogi. Det kan jo vere at han bare  skriv ei novelle, seier kona mi. Nei, du hører det liksom på intensiteten og villskapen i skrivinga, protesterer eg. Kanskje han er litt som Askildsen, seier kona mi, at han stryk  fleire setningar enn dei som blir ståande, er det ikkje slik du også skriv? Eg skriv ikkje som Askildsen, seier eg. Eg veit ikkje ein gong om Askildsen skriv som Askildsen.

Men om vi no seier at naboen over faktisk skriv på ei novelle, og at den novella faktisk  handlar om oss, seier kona mi, kva trur du han skriv om, då? Eg ventar litt før eg svarar.  Eg veit eigentlig ikkje om det er nok liv til ei heil novelle her, seier eg. Kona mi ler hånlig. Er det ikkje nok liv til ei heil novelle? Jo, det er det sikkert, men å skrive noveller handlar  om litterær nødvendigheit, seier eg, det handlar om å legge eit stort nok personlig trykk bak skrifta, om nok kunstnarisk energi. Det er det dummaste eg har hørt, seier kona mi.

Då eg kjem frå badet etter å ha pissa og pussa og tatt på meg pysjen, ser eg ho stå ved vindauget. Eg går til ho. Skjer det noko der borte? spør eg. Nei, seier ho. Det er veldig rolig, du-personen din har sikkert gått til ro. Ho seier at ho har tenkt på det vi snakka om, og ho trur at om ein studerer ein konkret person i kamera og så zoomar ut, så vil alle sjå latterlig og hjelpelaus ut, same kven dei er. Det er slik menneskelivet er. Men dersom ein gjør det motsette og zoomar inn på éin person, vil alle menneske vere  interessante, same kven dei er. Bare ein kjem tett nok på, blir folk unike og eksotiske. Ho snur seg mot meg. Vi to har elska kvarandre eit heilt liv, eg trur det skulle halde til ei  novelle.

Seint ein kveld like før jul går ned trappa og kryssar gata. Eg snur meg, blir ståande og sjå over på vår bustad. Eg vil vite meir om korleis romma våre ser ut herfrå, eg veit jo korleis dei ser ut om ein er der inne, i det velkjente interiøret,  men eg har  ikkje studert

det så nøye frå denne vinkelen. Sjølv om lysa er tent, er det ikkje så mykje ein faktisk kan sjå: Nokre lamper i taket, øvste delen av bokhyllene, eit par blomstrar i karmane. Det er ingen heime hos oss, kona mi er med i ein lesesirkel som har juleavslutning denne kvelden. Akkurat no drikk dei vin, et ost og diskuterer romanen Søndager i august av Patrick Modiano. 

Det har tatt til å snø, og eg lurer på kva eg eigentlig driv med her ute. Mobilen min ringer. Har du drukke? spør kona mi. Om eg har drukke? seier eg. Ja, kan du hente meg? Ho forklarar at ho er på veg heim, men det er umulig å få taxi på grunn av snøfallet.

Eg har drukke eit par glas vin, seier eg, men eg kjem. Du treng ikkje, seier ho. Jo, eg

kjem, seier eg. Ein skugge dukkar opp i vindauga på andre sida av gata. Det er eg-personen i etasjen over. Han stirer ut. Eg lurer på om han kjenner meg igjen. Eg forstår at dette må sjå litt merkelig ut frå hans side av gata, eg som står her og snakkar i mobilen mens snøen fell over meg. 

Eg avsluttar samtalen og går inn for å hente bilnøklane. På veg opp møter eg naboen. Han er hastig og eg merkar meg at han ikkje er kledd for utevêr. Heller ikkje no helsar

han eller kikkar på meg. Eg skundar meg til vindauget og ser naboen ringe på døra over gata. Han ventar litt, så forsvinn han inn. Eg kjører for å hente kona. Ho seier at dei har hatt ein fin samtale om romanen, men det blei mest preik om andre ting, jul og mat og

tradisjonar. Kva terningkast ga de boka, då? spør eg. Ein svak firar, seier ho. Ein svak

firar? seier eg. Han har jo fått nobelprisen. Mange likte boka, men dei blei ikkje tatt av ho, det var noko uforløyst der, det gikk ikkje heilt opp. Må det gå heilt opp, då? spør eg. Nei, 

svarar kona mi, men det var veldig fine skildringar frå Nice, dei fleste fikk lyst til å reise til Nice etter å ha lese boka. 

Då eg kjem ut frå badet, står kona mi ved vindauget. Eg trur eg-personen din er der borte

no, seier ho, han er gått over til du-personen din. Eg fortel at eg såg han skrå over gata

tidligare i kveld. Eg går bort til kona mi, blir ståande bak ho, stirer over gata. Det pussige

er at dei to der borte gjør det same. Dei òg kjem til vindauget, dei òg står tett saman, ho framme, han bak. Ingen av oss rører på seg, vi står der, glor ut på snøen, glor over på  kvarandre, det er bare femti-seksti meter og to vindauge mellom oss. Har du funne ut kva novelle det er? spør kona mi. Nei, dessverre, svarar eg. Så du veit ikkje kva som skal skje vidare? spør ho. Nei, eg anar ikkje, svarar eg.