Utstillinga tek utgangspunkt i det nordiske når det gjeld dikt og fuglar, og vengespennvidda er stor. Her finst dikt for barn, songlyrikk, dikt om fantasi, og dikt som handlar om at menneskja si forureining øydelegg livsvilkåra for fuglar.
Menneska har vore opptekne av fuglar til alle tider. Fuglar er til stades i historisk diktarkunst som egyptiske pyramidetekstar, Bibelen og i gresk og norrøn mytologi. Litteraturforskaren Atle Kittang spurde seg: «Kan ein tenkje seg eit poetisk univers utan fuglar?» Nei, truleg ikkje. Tenk berre på kor ofte vi menneske høyrer og ser fuglar! Og så tek vi bilete, teiknar, skriv dikt, lagar vitskaplege avhandlingar og fjernsynsprogram om desse fasinerande dyra.
I vår eiga samtid kan naturlyrikk ofte lesast som dikting med omsyn til kor skjør naturen kan vere, og sjølv om dikta ikkje nødvendigvis seier det rett ut, kan dei lesast i samanheng med dei store politiske debattane kring klima- og miljøspørsmål. Det gjeld òg nokre av dikta som er med i denne utstillinga, men ikkje alle. Det enkelte diktet kan like gjerne vere valt ut fordi diktet er så vakkert.
Når du opplever utstillinga kan du ha med deg nokre ord frå Olav H. Hauge om fellestrekk mellom dikt og fuglar, nemleg at det er ein «merkjeleg klang og musikk i dei»! Kanskje ser du nokre fuglar du kjenner frå før?
Utstillinga har også noko for dei minste. Her kan ein lære om korleis dei ulike fuglane syng, og ein kan både teikne og pusle fuglar.
Pris:
Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.
Eignar seg for:
Bibliotek, skular, bokhandlar, museum og kulturhus
Praktisk:
Utstillinga består av:
- To lerret med dikt og tekstar om fuglar, og to plakatar med informasjon om utstillinga. Lerreta har oppheng til vegg.
- Ein liten bunke foldarar med informasjon om Fuglar i lyrikken og kva forfattarar som er med i utstillinga.
- Fem ulike «postkort» med fugl-illustrasjon på framsida og morosame fakta om fuglen på baksida. Korta er fine å kopiere opp for ein fargelegging.
- Åtte mjuke leikefuglar og ein liten infoblokk om desse. Dei er fine å bruke i ein «Gjett fuglen»-aktivitet.
- Fem puslespel (10 bitar) med ulike foto av fuglar.
Storleik (ferdig montert):
To store lerret: B 100 cm x H 175
Plakat: 29,7 x 42 cm
Postkort: 15 x 10,5 cm
Foldar: 10 x 21 cm
Leikefuglar: ca. 10 x 12 cm
Infoblokk: 15,5 x 22 cm
Puslespel: 28 x 18 cm
Frakt:
Utstillinga består av to kolli.
Lerreta blir rulla og pakka saman i ei pakke.
Dei andre elementa blir pakka i ein liten kasse, str. B 29 cm x L 39 cm x H 18 cm
Kan sendast som Noregspakke.
Kontakt:
For å tinge utstillinga, sendein e-post til: post@nynorsk.no
Kurator:
Stein Arnold Hevrøy
Designprofil og formgjeving:
Overhaus