Geir Sverre Braut er Årets nynorskbrukar 2020

Bilete av Årets nynorskbrukar 2020 Geir Sverre Braut.
Årets nynorskbrukar Geir Sverre Braut. Foto: Svein Lunde, Helse Stavanger

Geir Sverre Braut er kåra til Årets nynorskbrukar 2020. – Han får prisen for å gjere nynorsk sjølvsagt i helse- og tryggleiksfag, seier styret i Nynorsk kultursentrum.

– Dette var svært overraskande og ikkje minst ærefullt, seier Geir Sverre Braut.
– Innanfor mitt fagfelt er det få som nyttar nynorsk. Det er kjekt at Nynorsk kultursentrum har lagt merke til arbeidet mitt, og prisen inspirerer til vidare arbeid.

Prisen er på 100 000 kroner og eit diplom som blir delt ut av styreleiaren i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm i Ivar Aasen-tunet tysdag 13. oktober kl. 12.00. Direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark skal leie ein samtale med prisvinnaren.

— Det er viktig at eit skriftspråk står sterkt på alle område folk snakkar og skriv om. Derfor er det avgjerande at vi har norsk fagspråk på alle område. Innsatsen Braut gjer for helsefaga, er eit døme til etterfølging, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm.

Braut er lege, spesialist i samfunnsmedisin, professor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet og sit i koronakommisjonen. Han har vore assisterande direktør i Statens helsetilsyn, fylkeslege i Rogaland, seniorrådigvar og professor i samfunnstryggleik ved Stavanger universitetssjukehus. I 2020 gir han ut boka Det norske helsesystemet: ei innføring i organisering, styring og politikk saman med Kjell Arne Aarheim, og han har skrive nynorske artiklar i fagtidsskrift og rikspresse om helseemne.

– Når Stortinget handsamar språkmeldinga i haust, er det viktig at dei har fagspråket og folk som Braut i tankane. Det er viktig at fagfolk i framtida kan kommunisere forståeleg om epidemiar og alt anna på norsk. Då treng vi fagfolk som skriv lærebøker, deltek i debattar og formidlar godt, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Vurderte 21 kandidatar
Det er 20. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk. Styret vedtok prisen i februar. Tradisjonelt sett blir prisen delt ut under Dei nynorsk festspela. Koronaepidemien har gjort at offentleggjeringa og utdelinga i år har blitt utsett.

Alle som vil, kan føreslå kandidatar til Årets nynorskbrukar. I år hadde styret i Nynorsk kultursentrum som skulle ta avgjerda, 21 sterke kandidatar å velje mellom. – Den store interessa blant publikum syner at prisen er viktig og engasjerer mange, avsluttar direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.