Geir Sverre Braut fekk prisen Årets nynorskbrukar 2020

Bilete av styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm og Årets nynorskbrukar 2020 Geir Sverre Braut.
Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm delte ut prisen Årets nynorskbrukar 2020 til Geir Sverre Braut. (Foto: Nynorsk kultursentrum)

Det var ein rørt Geir Sverre Braut som fekk prisen Årets nynorskbrukar 2020 under eit arrangement i Ivar Aasen-tunet tysdag 13. oktober. Braut fekk prisen for arbeidet han har gjort med å gjere nynorsk sjølvsagt i helse- og tryggleiksfag.

– Det er veldig gildt og overraskande å stå her og ta imot prisen, men det er også litt skremmande. Det ligg ei tillitsfråsegn i å få ein slik pris som gjer ein spent på om ein klarer å leve opp til forventningane, sa Geir Sverre Braut. I takketalen sin la han vekt på at han hadde vore heldig og hatt mange svært gode norsklærarar som ivra etter å formidle faget sitt. Dei lærte han å lytte, skrive, fortelje og lese, og gav han eit vesentleg grunnlag for å kunne nytte språket på ein medviten måte.

Braut er lege, spesialist i samfunnsmedisin, professor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet og sit i koronakommisjonen. Han har vore assisterande direktør i Statens helsetilsyn, fylkeslege i Rogaland, seniorrådgivar og professor i samfunnstryggleik ved Stavanger universitetssjukehus. I haust kom han med boka Det norske helsesystemet: ei innføring i organisering, styring og politikk saman med Kjell Arne Aarheim. Han har også skrive nynorske artiklar om helseemne i fagtidsskrift og rikspresse.

Prisen på 100 000 kroner og eit diplom blei delt ut av styreleiaren i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm. – Nynorsk kultursentrum legg vekt på bruk av nynorsk i kvardagen. Ein skriftkultur overlever ikkje på draum, han må vere til stades i røynda. Eit levande skriftspråk må spegle heile verda. Språk som skal vere i bruk, må vere synlege på flest moglege område. Innsatsen Braut gjer for helsefaga, er eit døme til etterfølging sa Solholm i sin tale til prisvinnaren.

Etter prisutdelinga i Aasen-tunet deltok Braut i ein samtale om språk og kommunikasjon innanfor helsefag og samfunnsikkerheit, med vekt på koronapandemien.
– Dei sju siste månadane har vist at det går an å snakke om det uvisse på ein kvalifisert måte. Eg trur pandemien har opna for at eit samfunn med sjølvsikre og bastante meiningar, no er i stand til å trekke inn uvisse og usikkerheit på ein heilt annan måte enn  før. Kommuniserer vi det på ein trygg og sikker måte, er det heilt og fullt akseptabelt, sa Braut