Glade jul, heilage jul

Glade jul, heilage jul!

Englar kjem frå Guds kongestol,

blomar ber dei frå paradis,

fint og fagert dei syng Guds pris.

Løynleg ikring oss dei går,

løynleg ikring oss dei går.

Julebod, gledeleg bod

tonar til oss med himmelljod,

song av englar som hyrdingar såg

den gong Jesus i krubba låg.

Songen av englar er sæl,

songen av englar er sæl.

Fred på jord, fryd på jord!

Jesusbarnet det er vår bror,

englar syng om hans herlegdom,

han har reidd oss i himmelen rom.

Songen av englar er sæl,

songen av englar er sæl.

Sæle fred, himmelsk fred

julekvelden til jord kom ned.

Englar syng om den fred dei såg,

syng om han som i krubba låg.

Gled deg, kvar sjel han har frelst!

Gled deg, kvar sjel han har frelst!

Salme

Tekst
Joseph Mohr 1818; til dansk ved Bernhard Severin Ingemann 1850. Til nynorsk ved Bernt Støylen i Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte, 1906

Melodi
Franz Xavier Gruber 1818

Kjelde
Det lyser i stille grender, Syng jula inn, 2000

Songbøker

Ønskjer du å lære fleire julesongar? Då kan du kjøpe desse bøkene i nettbutikken vår: