Godt å møtast til festspel igjen

Festspelpublikummet i Ørsta og Volda fekk høyre og sjå programpostar med både Hallstein Bronskimlet, bibelspråk, konspirasjonsteoriar, frisk popmusikk og eksperimentell tango. Trass færre arrangement har festivalen halde på breidda i innhald og uttrykk.

– Det har vore spennande å planleggje festival medan det framleis er pandemi, men vi er godt nøgde med gjennomføringa, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik om Festspela 2021, som gjekk av stabelen 10.–13. juni.

– Det førebelse publikumstalet er 1880, og innanfor dei gjeldande rammene er vi godt nøgde med dei tala. Der var få ledige sete på dei fleste arrangementa, seier Opsvik.

Festspeldiktar Sigmund Løvåsen har formidla ei stor breidde av sin eigen forfattarskap gjennom sceneframføringar, samtalar og lesingar – mellom anna ei spenstig økt i friskt vêr i Romedalen.

– Det har vore ei stor ære og ein fest å vere festspeldiktar, og eg vil takke alle frivillige, tilsette ved Aasentunet, dei som kokte kaffi, dei som spritvaska stolar, eit interessert, lyttande og lesande publikum, dei som køyrde oss hit og dit, og dei som gav oss lyd og mat. Takk! Proft gjennomført, godt program. Gode minne for livet, seier festspeldiktar Løvåsen.

På Studenthuset Rokken skapte Sunnmøre Baarelag og Synne Vo vill jubel, og på Ørsta kulturhus blei det sterke opplevingar med mellom anna teater og tingingsverk av festspeldiktaren.

– På grunn av restriksjonane har vi hatt endå meir samarbeid med desse scenene enn tidlegare år, og vi set stor pris på det vi har fått til saman, seier Opsvik.

Mange gjester trekte fram at det var godt å endeleg få møtast igjen og få påfyll gjennom spennande litterære og musikalske opplevingar, danseframsyningar, kunstutstilling og kveldar som blei runda av på Målbar ved «festivalhotellet» Møre folkehøgskule.

På avslutningsdagen kunne publikum mellom anna lære meir om bibelomsetjing i høve hundreårsjubileet til den første nynorskbibelen. Under Ivar Aasen-stemnet inviterte arenaleiar Opsvik tilbake til ny festival 9.–12. juni 2022, og Festspela kjem snart med meir informasjon om neste års festspeldiktar.