Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

Guri Vesaas.
Guri Vesaas blir heidra med Storegutprisen 2022. Foto: Mari Tveiti.

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den store innsatsen ho har gjort for nynorsk barnelitteratur.

– Guri Vesaas har knytt til seg forfattarar og illustratørar med vilje og evne til fornying og modernisering – både norske og utanlandske – og såleis vore med på å byggje barnelitteratur med høg kvalitet, på nynorsk. På denne måten har ho styrkt den litterære sjølvtilliten til unge nynorskbrukarar, heiter det i grunngjevinga frå juryen. Ho har ikkje berre gjort den nynorske barnelitteraturen betre, hennar bidrag har løfta kvaliteten på heile den norske barnebokheimen. 

Juryen trekkjer også fram at Guri Vesaas er ein drivande god omsetjar og at ho under namnet Hanna Midtbø har omsett om lag 50 barnebøker til norsk.  

Prisvinnaren er strålande fornøgd med at nynorsk barnelitteratur på denne måten blir lyfta fram og aktualisert. 

– Barn med nynorsk som opplæringsmål treng ikkje berre lærebøker, men også lystlesnad på nynorsk, hevdar ho. Blir dei glade i og trygge på språket sitt som barn, kan ein håpe at dei blir frimodige nynorskbrukarar som vaksne.

Tett mellom høgdepunkta  
Utdelinga av Storegutprisen er ei av mange høgdepunkt under Litteraturdagane 25.–28. august i år.  

– Det blir eit variert og spennande program som er Tarjei Vesaas-jubileet verdig, seier arenaleiar ved Vinjesenteret, Petra Helgesen.  

Vesaas-året blir markert med både føredrag, film og musikk under festivalen. Litteraturdagane presenterer også fleire andre forfattarar, og publikum kan mellom anna gle seg til samtalar med  Frode Grytten og Kjersti Rorgemoen, Tore Kvæven og Victoria Kielland, og høgtlesing med Hildegunn Riise, Astrid Versto og Olav Vesaas. I samband med skeivt kulturår blir det også føredrag med Per Esben Myren-Svelstad om å lese litteratur med skeive briller. Nytt av året er eit barneprogram på Vinjesenteret på sundagen, med illustratør og forfattar Marianne Gretteberg Engedal.  

 Av musikalske innslag blir det mellom anna konsertar med Frode Grytten Beat Band, Aasmund Nordstoga og ei songgruppe frå Vinje.   

 – Som ny leiar er det fantastisk å få kome til duk og dekt bord på denne måten. Venelaget, programrådet og Nynorsk kultursentrum har gjort eit strålande førearbeid, og no, med god hjelp frå mange lokale krefter, er me på Vinjesenteret klare til å gjennomføre, seier Helgesen, som starta som arenaleiar ved Vinjesenteret 1. mai i år. 

Ynskjer fleire frivillige 
Kvart år gjer frivillige ein stor innsats for Litteraturdagane i Vinje.  

– Festivalen er heilt avhengig av den gode hjelpa frå lokale krefter, seier Helgesen og oppfordrar interesserte til å melde seg. 
 

 Festivalen treng mellom anna hjelp til billettvakter, servering, teknisk hjelp, parkeringsvakter, opp- og nedrigg, sjåfør, pynting, rydding og vertskap.  

 – Me treng omlag 40 personar som blir med på å gjere Litteraturdagane til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Me er opptekne av at dei som melder seg som  frivillige får gode opplevingar i godt fellesskap, og frivillige får fribillettar til arrangement og t-skjorte, seier Helgesen.  

 Litteraturdagane går føre seg på Vinjesenteret, Vinjar og i Edland frå torsdag 25. til sundag 28. august.