Hopp til hovudinnhald

Handlenett.no er historie

Handlenett.no takkar for følgjet! 25. mai er siste dag nettbutikken er open.

  • Bilde av ein macbook med handlenett.no ope.
    Handlenett.no

Nynorsk kultursentrum har hatt nettbutikk på eigen plattform sidan 2014. Nettbutikken handlenett.no har gitt publikum tilgang til nynorsk litteratur og profilprodukt på nynorsk. Konkurransen om netthandelen er stor, og vi har difor bestemt at vi ikkje vil prioritere å satse vidare på nettbutikk som eiga løysing.

Det vil framleis vere mogleg å få tak i godt utval av nynorskbøker og andre nynorskprodukt i dei tre fysiske museumsbutikkane i Aasentunet, Haugesenteret og Vinjesenteret. I tillegg ser vi alltid etter moglegheiter for å distribuere dei eigenproduserte varene våre i andre kanalar og hos andre nynorskbedrifter.

For meir informasjon:
Administrasjonssjef Gaute Øvereng, 47 33 41 44