Nytt frå Haugesenteret

Bilete av Einar Økland

Einar Økland opnar Poesifestivalen

Eit av landets beste liveband Vallkyrien Allstars, den allsidige forfattaren Einar Økland og vinnar av Tarjei Vesaas» debutantpris 2020 Karoline Brændjord, er nokon av dei som gjestar Olav H. Hauge si heimbygd festivalhelga 9.-11. september.

Les meir
Bilete av Steinar Opstad

Diktartavla 2022 til Steinar Opstad

Laurdag 11. juni avduka Steinar Opstad si diktartavle på Diktarstien i museumstunet på Hardanger folkemuseum. Opstad er no den 30. prisvinnaren sidan Diktarstien vart oppretta i 1993 då Olav H. Hauge fekk prisen.

Les meir

Smittevern

Nynorsk kultursentrum arbeider for å ta vare på tryggleiken til gjester og tilsette ved arenaene våre, og vi følgjer dei nasjonale smittevernråda.

  • Hugs handvask/handspriting før, under og etter besøket.
  • Personar som er smitta av korona, som sit i karantene, eller som har symptom på luftvegsinfeksjon (til dømes feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand), skal ikkje besøkje museet eller vere på arbeid.  
  • Vi oppmodar alle gjester til å halde seg oppdaterte på gjeldande nasjonale råd og retningslinjer, då desse kan endre seg.