Hopp til hovudinnhald

Forfattarbesøk i skulen: Å høyra til

NB! Arrangementet har funne stad
Ungdomsskular i Hardanger og Voss Poesifestivalen 2026
09. – 11. sep. 2026
  • 1/1
    Brynjulf Jung Tjønn Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm

Forfattar og poet Brynjulf Jung Tjønn held føredrag om utanforskap og rasisme for elevar på ungdomsskular i Hardanger og Voss. Det er dei kritikarroste diktbøkene Norsk kjærleik og Kvit, norsk mann som er utgangspunkt for forfattarmøta. Tjønn får elevane til å reflektera over det å vera annleis i Noreg og deler erfaringar med adopsjon, rasisme, identitet og livsmeistring.

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er ein kritikarrost og allsidig forfattar som har gjeve ut bøker for born, ungdom og vaksne. Tjønn skriv poetisk og innsiktsfullt om sterke tema som rasisme og familiekriser. Han nyttar nyskapande bilete i kombinasjon med eit enkelt og direkte språk. Tjønn fekk Brageprisen i 2013 for ungdomsromanen Så vakker du er.