- 1/1
Ingrid Nielsen Kjersti Dahl
Kan me tenkja oss at ein diktar vil einkvan stad i eit dikt, til ein stad det berre er mogleg å nå i språket, i førestillinga? Årets Haugeføredrag tek til i opninga i Seint rodnar skog i djuvet: «Eg likar skogdrøymd elv». Så underleg, i grunnen. Her kan ein skog altså drøyma om ei elv! Kva slags skog er det, og korleis ser elva ut? I denne samlinga ser diktaren ut til å venda seg mot landskap der menneske ikkje er. Her er skogar som søv, jord som ikkje er rydda, frø som ingen har sådd. Men kvifor skulle diktaren villa til stader der ingen menneske er?
Årets førelesar vil grunda på dette spørsmålet, òg med tanke på korleis me som les Hauge, får sjå heilt andre landskap enn dei me ferdast i som menneske. Ja, kor er det Hauge tek oss med dikta i denne samlinga? Dikta leier oss mot stor venleik, men òg noko skremmande, som når ein fugl på vitjing ein morgon får venger av eld. Og har det ikkje òg vanvitet i seg, når diktaren undrar seg om han ikkje ein dag vil stå på ei stjerne? Føredraget fylgjer dikta der dei leier oss, for å spora dei underlege sansevildringane som Hauge gjev oss med samlinga Seint rodnar skog i djuvet.
Ingrid Nielsen (f. 1968) er professor ved Universitetet i Stavanger og poet. Nielsen har bakgrunn som litteraturvitar og har skrive ei rekkje artiklar om norske lyrikarar som Olav H. Hauge, Rolf Jacobsen og Gunvor Hofmo. Nielsen er òg ein av redaktørane bak Hauge-antologien Her må då ordi koma: Nye lesingar av Olav H. Hauge frå 2024.
Vaksen kr 250 / Student kr 150