Arrangement Haugesenteret
Oversikt over arrangement i regi av Haugesenteret, inkludert arrangement i samband med Poesifestivalen. Sjå Opningstider og prisar for informasjon om billettar til utstillinga.
POESIFESTIVALEN 2022
9.–11. september
TORSDAG
8. september
kl. 19.00
LITTERATURHUSET I BERGEN
Langlesing av Hauge
Ein lyrisk tjuvstart på Litteraturhuset i Bergen er ein glimrande start på årets festival, og også ein sjanse til å gje publikum i byen eit møte med Hauge si dikting.
Eli Fossdal Vaage les diktsamlinga Glør i oska.
FREDAG
9. september
kl. 10.00
ALLMENNINGEN
10. klassingar i Hardanger og på Voss har gjennom ei heil veke skrive dikt med poet Endre Ruset i skriveverkstaden Olav H. og Eg. Elevar frå Brakanes skule les utvalde dikt ved bauten over Olav H. Hauge si dikting. Me kan også kalla dei diktblomar.
Les meir om arrangementet
9. september
kl. 12.30
BRAKANES SKULE
Forfattarbesøk i skulen
Høyrespel med Geir Egil Eiksund og Henrik Koppen
Kampen er ein barneroman om sklitaklingar og hjartebank, venskap, kjærleik og sjalusi. Debutant Geir Egil Eiksund har skrive ei viktig barnebok om skeiv kjærleik på bygda.
Les meir om arrangementet
9. september
kl. 12.00-14.30
HAUGESENTERET
Lyrikkseminar med Tone Hødnebø, Jørgen Sejersted og Gisle Selnes
Årets seminar på Poesifestivalen handlar om omsetjing av lyrikk. Kva prosessar ligg bak utgjevingar av utanlandsk lyrikk i norsk språkdrakt? Korleis er det å arbeida med andre sine dikt for omsetjaren? Kva type problem kan ein støyta på i slikt språkarbeid? Dette er nokre av spørsmåla vi kan venta oss på seminaret.
Les meir om arrangementet
9. september
kl. 13.00
ULVIK OMSORGSTUN
Felespelar Mari Skeie Ljones er nysgjerrig på historiane bak folkemusikken. Kven var dei som spelte og song den fine musikken?
9. september
kl. 16.00
HAUGESENTERET
Venelaget Olav H. Hauge
ÅRSMØTE
9. september
kl. 16.30
STRAND FJORDHOTELL
Poetane Morten Langeland og Jonathan August Lengali fyrer opp festivalstemninga med diktlesing ved fjorden.
Les meir om arrangementet
9. september
kl. 18.00
KONGRESSEN
Opningstale ved Einar Økland
Musikalsk innslag ved Annlaug Børsheim
Lesing ved festivalpoetar
Utdeling av Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar 2022
Les meir om arrangementet
9. september
kl. 19.00
FJORDSALONGEN, BRAKANES HOTEL
Møte med vinnaren av Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar 2022.
Les meir om arrangementet
9. september
kl. 20.00
ELVATUN
Susanna kjem til Poesifestivalen med ein poesikonsert der me møter dikt frå både Baudelaire og Hofmo. Songane møter oss i eit sjelfullt og skjørt format, med Susanna ved pianoet, nett slik dei vart til.
Les meir om arrangementet
9. september
kl. 22.00
ELVATUN
Studentar frå Skrivekunstakademiet i Bergen er på besøk i festivalkroa. Kveik Brygghus serverer lokal drykk og Slow Food Hardanger har nattmat på lur for småsvoltne festivalmagar.
Les meir om arrangementet
9. september
kl. 22.00
KONGRESSEN
Valkyrien Allstars er eit band i stadig utvikling. Sidan starten i 2003 har dei drege i nye retningar for kvar utgjeving. Med denne iveren etter å utforska og overraska har dei skapt eit særeige uttrykk innanfor norsk musikk.
Les meir om arrangementet
LAURDAG
10. september
kl. 10.00
ELVATUN
Professor og poet Ingrid Nielsen møter lyrikar Jo Eggen til samtale.
10. september
kl. 11.30
ULVIK FOLKEBIBLIOTEK
Teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl kjem for å lesa, teikna og fortelja om korleis det er å vera teikneserieskapar med stor fantasi og fasinasjon for norrøn mytologi og fantasidyr.
10. september
kl. 11.30
FJORDSALONGEN, BRAKANES HOTEL
Studentar frå Skrivekunstakademiet i Bergen les frå skrivebøkene sine.
Akademileiar og forfattar Sivert N. Nesbø losar oss gjennom og presenterer dei unge lovande til eit nysgjerrig festivalpublikum.
10. september
kl. 12.00
ELVATUN
Litteraturforskar ved UiB Fredrik Parelius held årets Hauge-føredrag.
Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge er kanskje dei to største namna i den nynorske etterkrigslitteraturen. Begge forfattarskapa fangar inn brytninga mellom det tradisjonelle bygdesamfunnet og ein modernistisk estetikk. Dette foredraget diskuterer kor vidt det i diktinga føregår ein samtale mellom desse to.
10. september
kl. 12.00
SYSE GARD
Einar Økland, diktar og essayistisk kulturhistorikar, er ein av dei mest allsidige forfattarane i norsk litteratur og skriv helst dei bøkene han reknar med at ingen andre kjem til å skriva.
Denne laurdagen les Økland eit utval dikt frå sine mange utgjevingar frå 1963 og fram til i dag.
10. september
kl. 13.00
LEKVE GARD
Det er i år 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd, og i dette programmet hyller spelemannen Knut Hamre og forfattaren Stein Versto diktaren frå Vinje med eit program i ord og tonar.
10. september
kl. 14.00
SYSE GARD
Me har invitert skrivekollektivet og småforlaget Blomster & Bureau til årets festival. Kollektivet står bak ei rekkje trykksaker, ein podcast og eit orakel.
10. september
kl. 14.00
ROSSVOLL
Program med Einar Økland, Nils-Erik Kvamme, Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones.
Programleiar er Torbjørn Ljones.
Utdeling av Amboltprisen 2022.
Venelaget Olav H. Hauge er arrangør.
10. september
kl. 15.00
LEKVE GARD
Odveig Klyve les Hauge-samlinga Spør vinden frå 1971.
10. september
kl. 15.30
HAUGESENTERET
Per Esben Myren-Svelstad står bak den fyrste komplette gjendiktinga av fragmenta etter Sapfo (600-talet f.Kr.). I dette føredraget fortel han om kvinna som grunnla vestleg poesi.
10. september
kl. 17.30
ELVATUN
Endre Olsen vart tildelt Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar under festivalen i 2021. Sidan den gong har vinnaren laga songar til ei ny plate som kjem ut i oktober i år. Årets tingingsverk vert ei urframføring av desse låtane.
10. september
kl. 19.30
KONGRESSEN
Gjennom dei siste ti åra har Frode Grytten Beat Band lyst opp den norske beatpoesi-himmelen med nytolkingar av låtar frå artistar som Bruce Springsteen, Tom Waits og Talking Heads. For å nemna nokre.
Ved å kombinera poesi og litteratur med ei sjeldan musikkglede og intens formidling treff gjengen frå Bergen ei heilt spesiell nerve, der musikk vert blanda med anekdotar, dikt, forteljingar og minne.
10. september
kl. 20.00
ELVATUN
Poetisk festkveld med poetane Priya Bains, Jonathan August Lengali, Karoline Marie Brændjord, Aina Villanger, Kristin Berget, Mary Ailonieida Sombán Mari og Steinar Opstad.
10. september
kl. 21.30
FESTIVALKRO, ELVATUN
Medikus Libri frå Klok på bok-spalta i Dag og Tid har kvessa kvisspennen og kjem på besøk i festivalkroa. Er du klar?
Fine premiar frå Dag og Tid til vinnarane.
10. september
kl.22.00
KONGRESSEN
Bjørn Tomren er songaren som gjennom fjoråret bergtok eit heilt folk gjennom den populære NRK-serien Stjernekamp. Å få stempelet som den «kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene» har kanskje til og med gjort inntrykk på den stillfarne låtskrivaren frå Tomrefjord?
SØNDAG
11. september
kl. 11.00
HAUGESENTERET
Ein samtale om skapande og transformerande krefter i poesien. Professor Ingrid Nielsen i samtale med lyrikarane Steinar Opstad og Kristin Berget.
11. september
kl. 11.00
FJORDSALONGEN, BRAKANES HOTEL
Lesing ut frå tema ved festivalpoetane Jo Eggen, Karoline Brændjord og Morten Langeland.
11. september
kl. 12.30
ELVATUN
Med eit rått og ærleg uttrykk blandar Morgonrode tradisjonell norsk folkemusikk med jazz og improvisert musikk. Spelelista spenner frå springarar og gangarar til salmar, viser og bånsullar – både tradisjonelle slåttar og nye sjølvskrivne songar.
11. september
kl. 13.00
HAUGESENTERET
Aina Villanger les Hauge si diktsamling Under bergfallet frå 1951.
11. september
kl. 15.00
ELVATUN
Ballistisk er ein konsert der musikaren Nils Petter Molvær og poeten Odveig Klyve fører ein samtale gjennom poesi og musikk. Poesikonserten vil fanga inn glimt av magien i fotballen, det som fasinerer både spelar og tilskodar.
9.-11. september
FESTIVALPASS
Få med deg det meste som skjer under årets Poesifestival med Festivalpasset!