Årets Hauge-førelesar

10. september, 12.00, Elvatun 

Bilete av Fredrik Parelius
Fredrik Parelius. Foto: Privat

Litteraturforskar ved UiB Fredrik Parelius held årets Hauge-føredrag.

Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge er kanskje dei to største namna i den nynorske etterkrigslitteraturen. Begge forfattarskapa fangar inn brytninga mellom det tradisjonelle bygdesamfunnet og ein modernistisk estetikk. Det finst òg klare likskapar mellom det biletet av forfattarane som festa seg i offentligheita: Dei er gjerne framstilte som tagale, tenksame og vise – moderne stoikarar med ei løynsk, poetisk innsikt om tilveret. Sjølv om det finst fellesnemnarar mellom dei, har det ikkje vore vanleg å lesa forfattarskapa i lys av kvarandre.

Dette foredraget diskuterer kor vidt det i diktinga føregår ein samtale mellom desse to. Tarjei Vesaas’ dikt «Hete» frå Løynde eldars land (1953) kan dømesvis lesast som eit svar til Hauges «Eldberget» frå Under bergfallet (1951). Andre vegen er det mogleg å lese Hauges «Yver hengjemyri» (1966) i lys av Vesaas’ Fuglane (1957). Dei to ser og nikkar attkjennande til den litterære outsidaren hjå kvarandre.

Fredrik Parelius (f. 1991) er stipendiat ved Universitetet i Bergen. Parelius forskar på høvet mellom galskap og lyrikk i forfattarskapen til Hauge, Uppdal og Hofmo

Type:
føredrag 

Tid:
10. september kl. 12.00

Stad:
Elvatun