Ballistisk: Fotballdikt og jazz

11. september, kl. 15.00, Elvatun

Ballistisk er ein konsert der musikaren Nils Petter Molvær og poeten Odveig Klyve fører ein samtale gjennom poesi og musikk. Poesikonserten vil fanga inn glimt av magien i fotballen, det som fasinerer både spelar og tilskodar. Dikt og musikk utforskar fotballen som historie, mytologi og lidenskap, og formulerer draumar, kjensler og røynsler i rollene som trenar, spelar og supportar. 

Nils Petter Molvær er ein norsk jazztrompetist, komponist og produsent. Han er ein pionér i å kombinera jazz og elektronisk musikk, og er ein av landets mest internasjonalt ettertrakta musikarar. 

Odveig Klyve har gitt ut ti diktsamlingar. Ho har framført lyrikken sin på internasjonale poesifestivalar i mellom anna Italia, India, Colombia og Japan. I diktsamlinga Ballistisk frå 2010  skildrar Klyve fotballens mysterium frå alle vinklar, både fysisk og metafysisk. Klyve diktar  fotballhistorie om til vakker poesi, frå Kina 263 f.Kr. til Japan 1979; situasjonar, drama og viktige spelarar.

Type:
Poesikonsert

Tid:
11. september, kl. 15.00

Stad:
Elvatun