Folkemusikkpoesi

9. september, kl. 13.00, Ulvik omsorgstun

Bilete av Mari Skeie Ljones
Mari Skeie Ljones. Foto: Ingvil Skeie Ljones.

Felespelar Mari Skeie Ljones er nysgjerrig på historiane bak folkemusikken. Kven var dei som spelte og song den fine musikken? Ho skulle gjerne møtt dei mange rare, fine og spesielle musikarane som levde før oss. Gjennom Spring du fela har Mari invitert forfattarar til å skriva tekstar inspirert av folkemusikarar og dansarar, og så har ho skrive musikk til tekstane. 

Til denne konserten vil Mari også spela den tradisjonelle musikken, etter dei som tekstane er laga til. Ein konsert til ære for gamle folkemusikkheltar!

Mari Skeie Ljones er frå Lillehammer, med røter i Ulvik. Ho er utdanna ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved USN og ved Musikkhøgskulen i Oslo. Skeie Ljones er frilans musikar og lærar ved kulturskulen i Asker.

Arrangementet er i samarbeid med Ulvik Herad og Den kulturelle spaserstokken.

NB! Fri inngang for pensjonistar

Type:
Konsert

Tid:
9. september, kl. 13.00

Stad:
Ulvik omsorgstun