Frode Grytten Beat Band

10. september, 19.30, Kongressen

Bilete av Frode Grytten med band. Foto: Helge Skodvin
Frode Grytten Beat Band. Foto: Helge Skodvin.

Frode Grytten Beat Band kom til verda onsdag 15. oktober 2008. Då skulle Frode Grytten eigentlig halde foredrag om beatpoesi og musikk i Bergen. Men, ahhh, kom igjen! Eit foredrag? Pingvin-støv! Analysemodellar! Show it, don’t tell it. Det enda med at Frode Grytten leverte ut to A4-ark før dei spelte ein times konsert. Applaus. Suksess!

Gjennom dei siste ti åra har Frode Grytten Beat Band lyst opp den norske beatpoesi-himmelen med nytolkingar av låtar frå artistar som Bruce Springsteen, Tom Waits og Talking Heads. For å nemna nokre. Ved å kombinera poesi og litteratur med ei sjeldan musikkglede og intens formidling treff gjengen frå Bergen ei heilt spesiell nerve, der musikk vert blanda med anekdotar, dikt, forteljingar og minne. Frode Grytten Beat Band er vorte beskrive som ein poetisk og musikalsk eksplosjon på scena. Bandet består av Annlaug Børsheim, Pedro Carmona Alvarez, Michael Barnes, Anders Bitustøyl, Ivar Thormodsæter, Einar Sogstad og frontfrigur Frode Grytten.

Men; nok preik, ok? Beat! Høyr etter på eigen risk! Poesifestivalen, here we come!

(Delar av teksten er skriven av Frode Grytten)

Type:
konsert 

Tid:
10. september kl. 19.30

Stad:
Kongressen