Lyrikar Jo Eggen i samtale med professor og poet Ingrid Nilsen. 

Samtalen vil ta utgangspunkt i Olav H. Hauge si dikting frå 1950- og 60-talet då han endå ikkje var særleg kjend eller mykje lesen. I denne perioden blir Hauge sine dikt meir spenningsfylte og gåtefulle. Korleis frigjer Hauge seg frå tidlegare førebilete og korleis utviklar han ei ny forståing av kva dikting er? Samtalen vil forfølgja desse spørsmåla gjennom Hauge sine dikt og dagboknotatar, og vil óg utforska eit grunnspørsmål i Hauge sin forfattarskap: Kva er eit dikt, og kva tankar er det berre eit  dikt kan uttrykkja? 

Jo Eggen (f. 1952) er lyrikar og gjendiktar. Sidan debuten i 1980 har han gjeve ut ni diktsamlingar og tre gjendiktingar. Eggen er også gjendikta til andre språk, mellom anna av den svenske poeten Ann Jäderlund. Dikta til Jo Eggen er ofte omtala som komplekse, stringente og subjektivt sansande. Med overraskande perspektiv og musikalske motiv står han i ein særeigen stil innanfor norsk lyrikk. Eggen fekk Tarjei Vesaas debutantpris for debutsamlinga Ting og tings skygger (1980) og Språklig samlings litteraturpris i 2003. 

Ingrid Nielsen (f. 1968) er professor ved Institutt for kultur- og språkvitenskap ved Universitet i Stavanger. Nielsen debuterte som poet i 2016 med diktsamlinga Hemmelig, men aldri som en tyv. I 2020 kom den andre diktboka hennar Den andre Jakobstigen.

Type:
samtale

Tid:
10. september kl. 10.00

Stad:
Elvatun