Langlesing av Hauge: Glør i oska

8. september, kl. 19.00, Litteraturhuset i Bergen

Eli Fossdal Vaage. Foto: Thor Brødreskift

Eli Fossdal Vaage les diktsamlinga Glør i oska. 

Ein lyrisk tjuvstart på Litteraturhuset i Bergen er ein glimrande start på årets festival, og også ein sjanse til å gje publikum i byen eit møte med Hauge si dikting. Poet Eli Fossdal Vaage har valt samlinga Glør i oska frå 1946.  

Poesifestivalen i Ulvik har utfordra fleire poetar til å lesa utvalde diktsamlingar av Olav H. Hauge. Under festivalen i Ulvik kan du dette året høyra Odveig Klyve lesa Spør vinden og Aina Villanger lesa Under bergfallet. Men her i kveld; Eli Fossdal Vaage og Glør i oska.  

Type:
Langlesing

Tid:
8. september, kl. 19.00

Stad:
Litteraturhuset i Bergen