Lidenskap og lengt: Sapfo om sakn og svartesjuke

10. september, kl. 15.30, Haugesenteret

Bilete av Per Esben Myren-Svelstad
Per Esben Myren-Svelstad. Foto: Elin Iversen / NTNU

Per Esben Myren-Svelstad står bak den fyrste komplette gjendiktinga av fragmenta etter Sapfo (600-talet f.Kr.). I dette føredraget fortel han om kvinna som grunnla vestleg poesi. Sjølv om tekstane hennar berre er overleverte som fragment, er dei både innhaldsrike og suggererande. Myren-Svelstad set fragmenta i samanheng med det vi veit om Sapfo og hennar samtid med vekt på korleis ho skildrar kropp, ånd og kjærleikens kraft. 

Per Esben Myren-Svelstad er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU. Myren-Svelstad leiar det litteraturdidaktiske forskningsprosjektet Litterær kompetanse for bærekraft ved NTNU. Saman med kollegar ved NTNU driv han også podkasten Litt.Snakk med litteraturvitskap og litteraturdidaktikk som tema.

Type:
Føredrag

Tid:
10. september, kl. 15.30

Stad:
Haugesenteret