Poetiske gleder

10. september, kl. 12.00, Syse Gard

Bilete av Einar Økland
Einar Økland. Foto: Tove K. Breistein

Einar Økland, diktar og essayistisk kulturhistorikar, er ein av dei mest allsidige forfattarane i norsk litteratur og skriv helst dei bøkene han reknar med at ingen andre kjem til å skriva.  

Han har gjeve ut eller redigert opp mot 80 bøker i dei mest ulike sjangrar, for born, unge og vaksne. Han har òg gjendikta dikt og skodespel av mellom andre Günter Grass, Pablo Neruda og Harold Pinter. 

Alt i 1969 formulerte Einar Økland det som i ettertid kan lesast som ei programerklæring for heile forfattarskapen: Å skriva godt «er å trengje seg gjennom alt ein veit, fram mot det ukjende». Han har vore ein av dei som vil finna ut ting på eiga hand. «Ein kan ikkje vite før ein veit,» seier Økland sjølv. 

Økland var også forfattarkollega og ven av Olav H. Hauge og vitja han ved fleire høve her i Ulvik.  

Denne laurdagen les Økland eit utval dikt frå sine mange utgjevingar frå 1963 og fram til i dag.

Type:
Høgtlesing

Tid:
10. september, kl. 12.00

Stad:
Syse Gard