Skje det som skjer, eg møter deg her – Tingingsverk 2022

10. september, kl. 17.30, Elvatun

Bilete av Endre Olsen
Endre Olsen. Foto: Anne Lillebø Gjerstad.

Konsert med Endre Olsen   

«Når du først er i gong, og du veit kor eg står
Syng fargen tebake på himmelen grå
Syng graset tebake der ugraset gror 
Og send einkvan den vegen der broren min for
Skje det som skjer, eg møter deg her» 

Endre Olsen vart tildelt Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar under festivalen i 2021. Sidan den gong har vinnaren laga songar til ei ny plate som kjem ut i oktober i år. Årets tingingsverk vert ei urframføring av desse låtane. For stipendvinnaren har skriveperioden det siste året vore prega av tampen på ein pandemi og byrjinga på det som verre er, ute i den store nære verda. Og når det store mørkret pressar på frå der ute, tviheld ein vel endå litt meir i det vesle som lyser her heime. Songen Skje det som skjer, eg møter deg her er nok såleis ein nøkkelsong på den komande plata. 

Endre Olsen: gitar og vokal
Ragnhild Kambo Grov: vokal
Roald Kaldestad: gitarar
Ole Gunnar Eikeland: bass
Einar Olsson: trommer

Type:
Tingingsverk

Tid:
10. september, kl. 17.30

Stad:
Elvatun