Susanna

9. september, 20.00, Elvatun 

Pressefoto av Susanna.
Susanna Wallumrød. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Musikar og komponist Susanna Wallumrød har tonesett dikt av Charles Baudelaire, frå hans ei gong forbodne samling “Flowers of Evil”. Den kritikarrosa og prisløna pianisten og songaren Susanna har tidlegare gjort suksess med tonesettingar av etterkrigspoeten Gunvor Hofmo. Denne gongen er det den franske 1800-talsmodernisten Baudelaire som har fasinert Susanna, og resultatet er ein symbiose av Susanna sin musikk og dikta hans, i engelsk omsetjing.

Til Poesifestivalen kjem Susanna med ein poesikonsert der me møter dikt frå både Baudelaire og Hofmo. Songane møter oss i eit sjelfullt og skjørt format, med Susanna ved pianoet, nett slik dei vart til.

Susanna er kvinna bak Susanna and the Magical Orchestra // Susanna // Susanna Wallumrød. Ho har gjeve ut heile 17 kritikarroste album sida debuten i 2004. Susanna er kjend for sine personlege tolkningar av mellom anna Joy Division, AC/DC, Dolly Parton og Henry Purcell, men óg for sine sterke originalar, tonesettingane av Gunvor Hofmo sine dikt og samarbeid med mellom anna Ensemble neoN, Jenny Hval og amerikanske Bonnie ‘Prince’ Billy.

Type:
konsert 

Tid:
9. september kl. 20.00

Stad:
Elvatun