Årets seminar på Poesifestivalen handlar om omsetjing av lyrikk. Kva prosessar ligg bak utgjevingar av utanlandsk lyrikk i norsk språkdrakt? Korleis er det å arbeida med andre sine dikt for omsetjaren? Kva type problem kan ein støyta på i slikt språkarbeid? Dette er nokre av spørsmåla vi kan venta oss på seminaret.
Professor i nordisk litteratur Jørgen Sejersted vil snakka om Olav H. Hauges beste omsetjingar. Poet Tone Hødnebø innleiar om eigne omsetjingar av Emily Dickinson og Anne Carson, og professor i litteraturvitskap Gisle Selnes tek utgangspunkt i omsetjingane sine av César Vallejo.
Etter innleiingane blir det paneldiskusjon. Ordstyrar er Vagant-redaktør Audun Lindholm.