Valkyrien Allstars

9. september, kl. 22.00, Kongressen

Bilete av Valkyrien Allstars
Valkyrien Allstars. Foto: Øystein Etterlid

Valkyrien er her igjen – takk og pris! 

Valkyrien Allstars er eit band i stadig utvikling. Sidan starten i 2003 har dei drege i nye retningar for kvar utgjeving. Med denne iveren etter å utforska og overraska har dei skapt eit særeige uttrykk innanfor norsk musikk. Med utgangspunkt i gamle slåttar og stevtekstar fornyar dei den norske folkemusikktradisjonen med inspirasjon frå jazz, blues, soul, rock og reggae. I musikken til Valkyrien finn me energi og sensualitet, løyndom og dramatikk. Og i eit gnistrande samspel lagar dei fire folkemusikk for framtida! 

Bandet har gitt ut seks album og fekk Spellemannprisen i kategorien vise for si nyaste plate Slutte og Byne i 2020. Bandet har også tonesett dikt av Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Arne Garborg, William Shakespeare og Henrik Ibsen. 

Med sitt sterke nærvær og nerve frå scena er Valkyrien omtala som eit av landets beste liveband. Publikum i Ulvik har nynna på tittelsporet «Slutte og byne» sidan bandet vitja bygda sist i 2020. Ein konsert med Valkyrien er aldri lik, men alltid bra! Velkomen hit att, Tuva, Magnus, Erik og Martin.  

Me gler oss! 

Bandet er: Tuva Syvertsen, Magnus Larsen jr., Erik Sollid og Martin Langlie.  

Type:
Konsert

Tid:
9. september, kl. 22.00

Stad:
Kongressen