- 1/1
Ingunn Thon / Anja H. Svingen Signe Luksengard / Nynorsk kultursentrum
Avdeling T er i Ulvik for å undersøkja eit mystisk tåkefenomen som blinkar raudt på vêrmaskina. Snart byrjar agentane å oppføra seg merkeleg, og Meister T fryktar at dei er blitt skikkeleg bajas! Heldigvis kjem forfattar Ingunn Thon og kjenner att problemet. Det er full bajasfaktor i Ulvik!
Alle som kjem, blir rekrutterte som agentar. Saman med Meister T og Ingunn må publikum hjelpa til med å løysa oppdraget før tåkefenomenet tek over Poesifestivalen.
Ingunn Thon (f. 1986) debuterte med Ollis i 2017 og har sidan skrive fleire bøker for born om venskap, familie og mot. Ved sida av forfattarskapen er ho kjend som dokkespelar og programleiar i NRK Super.
Avdeling T er ein podkast for og med born produsert av Nynorsk kultursentrum. Meister T er spela av formidlar Anja H. Svingen.
Framsyninga passar for alle eventyrlystne born over 5 år.
Fri inngang.