Hopp til hovudinnhald
Avslutningskonsert:

Vildebjønns selskap

NB! Arrangementet har funne stad
Elvatun Poesifestivalen 2026
13. sep. 2026
14.00
  • 1/1
    Vildebjønns selskap Torbjørn Haaland

Vildebjønns selskap leier an i den friske nye norske visebylgja! Med talenært språk, skeive taktartar og overraskande musikalske vendingar skriv og framfører trioen songar som er både jordnære, humoristiske og underfundige.

Trioen består av Ingeborg Fjørtoft, Erling Wold og Åsmund Erichsen og har utspring i Hersleb Visekollektiv i Oslo, ei foreining som arbeider for å fremja visemusikk på norsk. Sidan oppstarten i 2024 har dei mellom anna spela på Kongsberg Jazzfestival og ei rekkje andre festivalar og klubbscener.

Velkomen til avslutningskonsert i Ulvik si finstove, Elvatun – og til ei avrunding av Poesifestivalen 2026 i Vildebjønns gode selskap!


Vaksen kr 350 / Student kr 250