- 1/1
Ingvil Skeie Ljones
Utstillingar
Utstillingane opnar for fleire sansar med installasjonar om lyrikk og litteratur som ein kan både kan sjå, høyre og ta på. I basisutstillinga kan du slå nummeret til Hauge på ein gamal bakelittelefon og Hauge svarar sjølv med eit dikt. Inne i poesiverkstaden ligg det til rette for mange aktivitetar som magnetpoesi, teikne- og skriveaktivitetar.
Kattejakt
Katten til Olav H. Hauge har gøymt seg fleire stadar i utstillinga. Gjennom å fylje kattespora finn ungane katten på uventa stader, og blir samtidig kjende med både Hauge og katten. Når alle kattane er funne er det lesestund i kattekroken frå Olav H. Hauge og Bodil Cappelen sin ABC.
Bokformidling
Vi kan også formidle ei bok til dei barnehagane som kjem på besøk. Då samlar vi oss i poesiverkstaden og formidlaren les ei nyare nynorsk barnebok for borna. Etter bokstunda kan barnehagane fritt gå rundt i utstillinga eller gjere aktivitetar inne i poesiverkstaden.
Borna er velkomne til å ete matpakken sin inne hjå oss, eller sitje ute i sola på fine dagar.
Tanke og draum – eit museumsbesøk for alle sansar
Høyr korleis diktaren Olav H. Hauge var som liten gut, gå på kattejakt/ oppdagingsferd i utstillinga og føl deg fram. Vert med å utforsk museet og lyrikk med sansane, teikning, språk og ord!
Tinging og prisar
For skular og barnehagar er det gratis å besøka oss. Lærarar og barnehagepersonale går fritt i følgje med klassen / gruppa.
Omvisingar kan tingast på e-post til formidlar Anja Haugland Svingen eller på tlf 51 11 53 32.