- 1/1
Bodil Cappelen og Olav H. Hauge Arkiv Haugesenteret
Bodil Cappelen var utdanna biletkunstnar frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo, tekstillinja 1948–50 og grafikk 1950–51. I 1969 byrja ho med biletvev og arbeidde med det i 12 år. Cappelen sine biletvevar kan plasserast i tre grupper: tepper med vestlandske naturmotiv, tepper med eit politisk engasjert, samfunnskritisk innhald og tepper av anekdotisk-forteljande karakter.
Direktørens 100-års-dag er eit samfunnskritisk og politisk verk frå vevstolen til Bodil. Ideen til veven fekk Bodil etter eit tv-program om den svenske forleggaren Albert Bonnier og dei mannlege arvtakarane hans. Veven blir i dag peika på som eit av dei fremste verka i norsk feministisk tekstilkunst. Den samfunnskritiske peikefingeren mot den skeive kjønnsbalansen kunne like godt gjelda for ein politisk møtesal som i møterommet hjå eit forlag. Det var nok med grunn at Bodil lånte ut denne veven til nettopp heradsstyresalen i Ulvik. Veven vart hengjande, og seinare kjøpt inn av Ulvik herad. Veven fekk sin rette plass også då ny heradsstyresal stod ferdig i 2024.
Etter fleire separatutstillingar med biletvevar på 1970- og 80-talet, hadde Bodil si fyrste separatutstilling av oljemåleri i Oslo i 1991. Dei seinare åra søkte ho andre uttrykksformer, og gjekk over til å skriva og teikna biletbøker for born.
«Jeg stod opp i morges og tenkte på et rom møblert med bøker fra gulv til tak. Bli ikke forbauset når jeg skriver slik til deg, og du ikke kjenner meg – det går over, man kan da vel møtes i et brev så vel som på gaten».
Slik opnar det fyrste brevet Bodil sende til Olav H. Hauge i 1970. Fem år og mange brev seinare flytta Bodil til Ulvik. Bodil og Olav gifta seg i 1978 og levde saman til Hauge døydde i 1994. Dei to gav også ut fleire barnebøker saman. Den mest kjende er kanskje dikt- og biletboka ABC som kom ut i 1986.
Bodil hadde gjennom sitt kunstnarliv mange vener og kontaktar innan biletkunst og litteratur. Rolf og Petra Jacobsen var nære vener av Bodil, og dei kom på vitjing til Ulvik. Bodil fekk Olav med på fleire reiser. På diktartunet Midtbø i Vinje møtte dei Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas. Turane gjekk også utanlands. Saman var dei i Warszawa i Polen, i London og i Tórshavn på Færøyane.
Etter Hauge sin død i 1994 var Bodil oppteken av å la den litterære arven etter Hauge koma det offentlege til gode, og jobba vidare med å spreia Hauge si dikting. Boksamlinga til Hauge vart overdregen til Olav H. Hauge-stiftinga, og er i dag forvalta av Nynorsk kultursentrum og stilt ut i sin heilskap i Haugesenteret. Boksamlinga tel over 4000 bøker. Hauge sine manuskript og dagbøker er på Nasjonalbiblioteket, medan brevsamlinga hans er på Universitetet i Bergen.
Då ideen om eit dokumentasjonssenter over diktinga til Olav H. Hauge tok form i 2009 var Bodil ein uvurderleg bidragsytar i etableringa av det som i dag er Haugesenteret. Ho har gjeve museet eit rikt arkiv av bilete, brev, notat og bøker. Dette materialet var både viktig og kjærkome i arbeidet med basisutstillinga om Hauge sitt liv og verk. Bodil var også raus og støttande i det viktige forarbeidet til utstillinga. Ho svara på store og små spørsmål, var engasjert og hjelpsam. Då utstillinga stod ferdig og Haugesenteret skulle opna dørene i 2014, var sjølvsagt Bodil heidersgjest og fekk vitja utstillinga dagen før opninga. Ein smånervøs museumsleiar var svært spent på reaksjonen. Då Bodil sitt smil blei breiare for kvart utstillingsrom, kunne museumsleiaren pusta letta ut og senka skuldrene før den offisielle opninga. Bodil vart intervjua etter opninga, og fekk spørsmål om kva ho trudde eit Haugesenter kunne ha å seia for poesien. Svaret seier mykje om Bodil sin lidenskap for litteraturen og lyrikken:
«Alle grep ein tek for poesien, først og fremst ved å lesa dikt – anten folk gjer det sjølve, eller dei blir lesne for, er av det gode. Det gjev eit blikk inn i ein annan røyndom, og folk kan få andre tankar om sitt eige liv».
Bodil var dei seinare åra ein sentral pådrivar for å fremja Olav H. Hauge sin forfattarskap både nasjonalt og internasjonalt. Ho var redaktør for boka Tid å hausta inn. 31 forfattarar om Olav H. Hauge som kom ut i 2008. Ho arbeidde også med å få omsett Hauge til ei rekkje språk, mellom anna svensk, tysk og engelsk. I dag er Hauge sine dikt omsette til nærare 30 språk.
Til henne som sende meg ei plate med Bach og Händel
Kva hadde Wang Wei gjort um du hadde
sendt han ei plate med Bach og Händel?
Han hadde spela sonatone uppatt og uppatt
i hytta si ved Wang-elvi i Chungnan
og drøymt seg burt til sine kvite skyer.
Etterpå hadde han laga eit dikt og sendt deg.
Det hadde ikkje berre gledt deg men ettertidi òg.
Mitt dikt vert det berre du Bodil som les.
Olav H. Hauge, Janglestrå, 1980
Jorid Lekve Eide, museumsleiar Haugesenteret
Olav Øyehaug Opsvik, direktør Nynorsk kultursentrum
Geir S. Netland, museumsleiar Haugesenteret 2013–2023