- 1/1
Olav H. Hauge og Bodil Cappelen Arkiv Haugesenteret
Bodil Cappelen (f. 1930) var ein norsk biletkunstnar, fødd i Stavanger. Ho hadde fleire separatutstillingar både med biletteppe og oljemåleri. Dei seinare åra søkte ho andre uttrykksformer, og gjekk over til å skriva og teikna biletbøker for born.
Cappelen flytta saman med Olav H. Hauge i Ulvik i 1975. Dei gifta seg i 1978 og levde i lag til Hauge døydde i 1994. Dei to gav også ut fleire barnebøker saman.
Etter Hauge sin død i 1994 var Cappelen oppteken av å la den litterære arven etter Hauge koma det offentlege til gode, og jobba vidare med å spreia Hauge si dikting. Boksamlinga til Hauge vart overdrege til Olav H. Hauge-stiftinga, og er i dag forvalta av Nynorsk kultursentrum og stilt ut i sin heilskap i Haugesenteret. Boksamlinga tel over 4000 bøker. Hauge sine manuskript og dagbøker er på Nasjonalbiblioteket, medan brevsamlinga hans er på Universitetet i Bergen.
– Nynorsk kultursentrum er svært takksame for samarbeidet med Bodil Cappelen over mange år. Hennar bidrag har gjort ein avgjerande del av den nynorske kulturhistoria meir tilgjengeleg, seier direktør i Nynorsk kultursentrum, Olav Ø. Opsvik.
Cappelen har særleg dei seinare åra vore ein sentral pådrivar for å fremja Olav H. Hauge sin forfattarskap både nasjonalt og internasjonalt.
– Bodil var ein uvurderleg bidragsytar i etableringa av Haugesenteret som opna i 2014, og har gjeve museet eit rikt arkiv av bilete, brev, notat og bøker, seier museumsleiar i Haugesenteret, Jorid Lekve Eide.
Cappelen var redaktør for boka Tid å hausta inn. 31 forfattarar om Olav H. Hauge som kom ut i 2008. Ho arbeidde også med å få omsett Hauge til ei rekkje språk, mellom anna svensk, tysk og engelsk.
I dag går vår varmaste medkjensle til Bodil sin familie, slekt og nære vener.