- 1/1
Det er naturleg at det ein skriv, får farge av det ein ser og høyrer rundt seg. «Ein lever ikkje i ei abstrakt verd», sa Olav H. Hauge. Denne festivalsundagen inviterer me til festivalen si fyrste bygdevandring i fotspora til Hauge. Kva for nokre dikt kan me «sjå» på vår veg?
Vår eigen Hauge-forskar, Stein A. Hevrøy, har fått med seg festivalsjef Jorid Lekve Eide på vandringa, og saman tek dei festivalgjestene med inn i landskapet som har sett spor i diktinga til Hauge. Dei lovar å finna både rett veg og sti og syna fram eit dikt og to og tre på vegen!
Vaksen kr 200 / Student kr 100