- 1/1
Inger Elisabeth Hansen Thomas Brun
Inger Elisabeth Hansen (f. 1950) er å sjå på som ein av våre fremste og mest særprega lyrikarar. Ho debuterte med diktsamlinga Det er NÅ det er like før i 1976 og har sidan gjeve ut 15 eigne bøker. Diktsamlingane er grunnfundamentet i forfattarskapen, men desse er også akkompagnerte av essay, prosa og ei lang rekkje gjendiktingar.
Form og stil varierer hos Hansen, frå fjell- og bølgjeliknande figurdikt til korte regelmessige strofer, frå prosaskildringar til songleg lyrikk. Allereie i fyrsteboka Det er NÅ det er like før, er Hansen ein politisk poet med dikt om sult og fattigdom («Sultne sanger»). I dei seinare åra, er ho blitt knytt til den økologiske vendinga i poesien, ikkje minst på grunn av den kritikarroste boka Å resirkulere lengselen, avrenning foregår (2015). Dikta til Hansen freistar å skjerpa lesarens blikk og syner omsorg for det og dei som er trua, både menneske og dyreartar.
Etter nedlegging av diktartavla i gamletunet blir det program inne i museet. Prisvinnar Inger Elisabeth Hansen vil lesa for oss og samtala med fyrstekonservator i Haugesenteret, Stein A. Hevrøy.
Velkomen til ein poetisk festkveld på Utne, og det på Olav H. Hauge sin fødedag.
Billett kr 200
Diktardagen og Diktarstien
Diktardagen er eit årleg arrangement der ein heidrar ein norsk forfattar ved å leggja ned ei diktartavle for vedkomande på Diktarstien ved Hardanger folkemuseum. Den fyrste diktartavla kom i 1992, og dagen blei etablert offisielt på 85-årsdagen til Olav H. Hauge i 1993. Hauge var sjølv med og tok initiativet til Diktarstien.
Diktarstien er ein vakker hellegang med 34 diktartavler som prydar det flotte museumstunet ved Hardanger folkemuseum på Utne. Inger Elisabeth Hansen går inn i rekkja av markante diktarar som til no har fått Diktartavla. Blant dei finn me Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Tone Hødnebø, Jon Fosse, Gro Dahle, Eldrid Lunden og Øyvind Rimbereid.