-
Nynorsk kultursentrum |
Diktartavla
Diktartavla er ein litterær pris som kvart år går til ein markant norskspråkleg lyrikar. Prisen blei initiert av Olav H. Hauge, og blir i dag delt ut av Hardanger folkemuseum og Haugesenteret.
Prisen skal gå til ein norskspråkleg nolevande forfattar som har gjeve ut minst to eigne diktsamlingar, og blir gjeven for heile forfattarskapen. Over tid skal prisen fordelast jamt mellom nynorsk og bokmål.
Eit dikt av vinnaren blir gravert inn i ei steintavle, som blir plassert i museumstunet på Utne i Ullensvang. Steintavlene er utforma av biletkunstnar Cecilie Brock Knutsen. Til saman utgjer desse steintavlene ein diktarsti.
Diktarstien på Hardanger folkemuseum
I museumstunet på Utne kan ein oppleve Diktarstien med diktsitat frå markante poetar som Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Kolbein Falkeid, Jon Fosse, Cecilie Løveid, Jan Erik Vold. Det var tidlegare direktør ved Hardanger folkemuseum, Ågot Gammersvik, som saman med biletkunstnaren Cecilie Broch Knutsen utvikla ideen om ein nasjonal diktarsti i Hardanger. Broch Knutsen har utforma alle diktartavlene som utgjer den vakre hellegangen og som no prydar det kulturhistoriske landskapet ved Hardangerfjorden.
- 1/1
Nynorsk kultursentrum |