Diktaren Olav H. Hauge er kjent for å ha skrive om ulike kjensler heile livet sitt. Han fann kjærleiken seint i livet, og gifta seg då han var 70 år. I diktet «Du var vinden» skriv han om drivkrafta kjærleiken kan ha.
Du var vinden
Eg er ein båt utan vind.
Du var vinden.
Var det den leidi eg skulde?
Kven spør etter leidi
når ein har slik vind!
Olav H. Hauge
Kanskje du har kjent på nettopp dette som Hauge skriv om?
Er du mellom 6 og 18 år, så skriv eit dikt om kjærleiken, då vel! Diktet kan vera basert på eigne erfaringar, kva kjærleik tyder for deg og verda du lever i, eller det kan vera knytt til Hauge sitt dikt. Du vel sjølv form og om du vil skriva på rim eller ikkje. Send diktet til anja.haugland.svingen@nynorsk.no innan fredag 15. mars.
Haugesenteret kårar to vinnarar på Verdas poesidag 21. mars. Vinnardikta blir publisert på Haugesenteret sin nettstad og i sosiale medium. Dikta vil bli premierte.