Me lever i ei uroleg tid med konfliktar og krig, der det er lett å kjenna på bekymring for kva som ligg føre oss. I ei slik tid kan ord vera små ljos på vegen, ljos som kan gje håp for framtida.
Eit dikt av Olav H. Hauge kan gje inspirasjon til å ta pennen fatt. Me har valt ut diktet Syn oss åkeren din frå 1956. Dette diktet freistar seie noko om korleis me menneske kan gå kvarandre i møte, og korleis me er med på å forma samfunnet me lever i.
Syn oss åkeren din
Møt ikkje med:
gøyande hund,
hotande hand,
trakk ikkje i rugen!
Men syn oss åkeren din
ei morgonstund.
Diktet ditt kan vera basert på eigne erfaringar eller det kan vera knytt til Hauge sitt dikt. Du vel sjølv form, og om du vil skriva på rim eller ikkje.
Send diktet ditt til haugesenteret@nynorsk.no innan måndag 30. mars. Hugs å skriva fullt namn og alderen din i e-posten.
Haugesenteret kårar tre vinnarar i kategoriane born, ungdom og vaksne. Vinnardikta vert premierte og vert publiserte av Haugesenteret og Nynorsk kultursentrum på sosiale medium.
Om verdas poesidag
I 1999 utpeika UNESCO 21. mars til verdas poesidag. Dagen vert markert for å støtta språkleg mangfald gjennom poesi og for å anerkjenna den viktige rolla poesi har og har hatt i kunst og kultur.