Hopp til hovudinnhald

Dokumentardikt

NB! Arrangementet har funne stad
Haugesenteret Poesifestivalen 2026
11. sep. 2026
16.00
  • 1/1
    Ida Börjel / Anna Kleiva Johan Sundell / Ingvil Skeie Ljones

Hallo, ubrukelige verden
kjære menn, kvinner og barn
og ville dyr

Anis Ghuneimah, Tunga mi protesterer mot døden


I si nyaste diktsamling Röd anemon (2025) hentar den svenske poeten Ida Börjel fram opptak frå ein tur til Palestina i 2011 og omarbeider dei til poetisk tekst. Teksten blir eit flettverk av anonymiserte røyster som fortel om poetisk praksis, systematisk undertrykking, palestinsk historie og palestinsk poetisk tradisjon. Turen var organisert av Shaerat, eit mangeårig gjendiktingsprosjekt i Midtausten.

Antologien Tunga mi protesterer mot døden (2024), redigert av poetane Anna Kleiva og Bendik Vada, presenterer eit lite utval av denne poetiske tradisjonen med hovudvekt på samtidige palestinske poetar i diasporaen og i Palestina. Utgjevinga vart laga og gjeven ut som eit solidaritetsprosjekt, der alle inntekter går til NORWACs arbeid på Gaza.

På kvar sin måte nyttar desse to bøkene poesien til å lyfta fram palestinske røyster og til å setja fokus på den fysiske kvardagen og det intellektuelle tankearbeidet i Palestina. I denne programposten møtest Ida Börjel og Anna Kleiva for å lesa frå desse samlingane.

Ida Börjel (f. 1975) debuterte som poet med diktsamlinga Sond i 2004. Ho er særskild kjend for sine formeksperimenterande diktsamlingar, der ho ofte arbeider konseptuelt med allereie eksisterande tekst. Hennar andre bok Skåneradio (2006) består utelukkande av transkriberingar frå faktisk sende vêrvarsel på radio. Dokumentardikta i Ringa hemm frå 2023 består av tolkingar av avlytta telefonsamtaler frå dei russiske frontlinjene i Ukraina.

Anna Kleiva (f. 1985) er poet, forfattar og gjendiktar. Ho debuterte med Liknande versjonar i 2011 og har sidan gjeve ut fire kritikarroste diktsamlingar og det nyskapande prosaverket Echo Mountain. Forteljingar frå L.A. (2018). Saman med Vilde Tuv laga ho det musikalsk-poetiske verket Solplomme (2024). Kleiva har omsett bøker av Ariana Reines, Asta Olivia Nordenhof og Eve Babitz.


Vaksen kr 200 / Student kr 100