Ida Börjel
Ida Börjel (f. 1975) debuterte som poet med diktsamlinga Sond i 2004. Ho er særskild kjend for sine formeksperimenterande diktsamlingar, der ho ofte arbeider konseptuelt med allereie eksisterande tekst. Börjel lar skrivinga vera eit instrument for historisk og politisk undersøking, og illuminasjon.
Hennar andre bok Skåneradio (2006) består utelukkande av transkriberingar frå faktisk sende vêrvarsel på radio. Dokumentardikta i Ringa hemm frå 2023 består av tolkingar av avlytta telefonsamtaler frå dei russiske frontlinjene i Ukraina.
Martin Ingebrigtsen
Martin Ingebrigtsen debuterte med diktboka Riv av seg ansiktet i 2018 og har sidan gjeve ut Bukk & Sigd (2023) og Ein filleting som døden (2025). Poesien hans er blitt skildra som utprøvande og biletleg tett, med kulturelle referansar, refleksiv ordrikdom og direkte tiltale. Det dialogiske og kollektive er viktige føresetnader for den poetiske tenkinga hans.
Ingebrigtsen er òg omsettar, skrivelærar, formidlar og redaktør. Han har omsett forfattarar som Åsa Maria Kraft, Nathaniel Farrell, CAConrad og Julia Cimafiejeva.
Anna Kleiva
Anna Kleiva (f. 1985) er poet, forfattar og gjendiktar. Ho debuterte med Liknande versjonar i 2011 og har sidan gjeve ut fire kritikarroste diktsamlingar og det nyskapande prosaverket Echo Mountain. Forteljingar frå L.A. (2018).
Saman med Vilde Tuv laga ho det musikalsk-poetiske verket Solplomme (2024). Kleiva har omsett bøker av Ariana Reines, Asta Olivia Nordenhof og Eve Babitz.
Casper André Lugg
Casper André Lugg (f. 1985) debuterte med diktsamlinga Lite rekviem i 2011 og har sidan gjeve ut heile ti diktsamlingar og ei gjendikting.
Lugg skriv poesi med utgangspunkt i ei akutt naturkjensle, prega av det sårbare og umistelege ved naturformene. I dikta til Lugg får me kjenna på sorga som ligg i naturen sitt tap av balanse og mangfald. Naturmøta rører ved spørsmål om tilgjeving, nåde, omsorg og tru, og legg opp til ei langsam og merksemdsfull lesing.
Hilde Myklebust
Hilde Myklebust (f. 1979) debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. I 2018 kom diktsamlinga Kvar ein fugl. Til årets festival er ho aktuell med si fjerde diktsamling, Kvit stig morgon skir, som kom ut i fjor.
I Myklebust sine dikt finn me eit konkret og biletsterkt språk med djupe røter til naturen og til menneska som lever i han. Nærleiken til naturen er sterk og tydeleg, gjennom steingardar, marker, gamle tre og fuglar som flyr over ein gard.
Ingrid Nielsen
Ingrid Nielsen (f. 1968) er professor ved Universitetet i Stavanger og poet. Ho debuterte med diktsamlinga Hemmelig, men aldri som en tyv i 2016. Hennar nyaste samling Små flammer er det nå overalt kom i 2025. Stor lyrisk rekkjevidde og vilje til det nyskapande er ord nytta om Nielsen sin kritikarroste lyrikk.
Nielsen har bakgrunn som litteraturvitar og har skrive ei rekkje artiklar om norske lyrikarar som Olav H. Hauge, Rolf Jacobsen og Gunvor Hofmo. Nielsen er òg ein av redaktørane bak Hauge-antologien Her må då ordi koma: Nye lesingar av Olav H. Hauge frå 2024.
Fredrik Parelius
Fredrik Parelius (f. 1991) debuterte i år med diktsamlinga Salt/Land. Her finn me dikt i tradisjonelle former som portretterer ei øy på Helgelandskysten. Sentralt i dikta står gjentakande mønster som er både menneskeskapte og naturgjevne. Her er dikt om måltid, fiskereiskapar, talemåtar, slekt og opphav. I botnen av diktsamlinga ligg det ein sonettkrans der dikta fylgjer kvarandre i ein tematisk samanheng og til slutt bit kvarandre i halen.
Parelius har ein doktorgrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, med ei avhandling om lyrikken til Kristofer Uppdal, Gunvor Hofmo og Olav H. Hauge.
Svanhild Amdal Telnes
Svanhild Amdal Telnes (f. 1994) debuterte med diktsamlinga Om nettene brukar mor dråpeteljar i 2018, som vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. Ho har sidan gjeve ut Å jage ein hjort i døden (2021) og Munn mot tømmeret (2024).
Telnes skriv dikt i eit konsentrert og biletrikt språk, og sterke motiv og indre samanhengar går att gjennom bøkene hennar. Dikta krinsar ofte kring nære relasjonar, natur og menneske i utsette situasjonar.
Torild Wardenær
Torild Wardenær (f. 1951) debuterte med I pionertiden i 1994 og har sidan gjeve ut elleve diktsamlingar. Wardenærs poesi er kjenneteikna av eit klårt, men samstundes komplekst og originalt formspråk. Hennar nyaste diktsamling, Eks jordisk, krinsar rundt tap av natur og biologisk mangfald. Dikta er detaljrike, vakre og vemodige.
Ho har arbeidd mykje med gjendikting frå engelsk og amerikansk litteratur, mellom anna av poeten James Tate, og er sjølv gjendikta til fleire språk og publisert internasjonalt. Wardenær er utdanna cand.philol. i litteraturvitskap og har undervist ved forfattarutdanningane i Bergen, Bø og Tromsø.