Hopp til hovudinnhald

Festivaltema

Temaet for Poesifestivalen 2026 er diktsamlinga Seint rodnar skog i djuvet  av Olav H. Hauge.

  • boka Seint rodnar skog i djuvet står på eit bord med kvit duk
    Seint rodnar skog i djuvet Nynorsk kultursentrum

Temaet for Poesifestivalen 2026 er diktsamlinga Seint rodnar skog i djuvet av Olav H. Hauge. 

Diktsamlinga med den løyndomsfulle tittelen Seint rodnar skog i djuvet kom ut i 1956 og blir i dag rekna som Hauges kunstnarlege gjennombrot. Diktsamlinga fylgjer årssyklusen frå haust via vinter til vår, i ei rørsle som òg speglar det lyriske eg-et si indre verd. Eg-et lever i ekstatiske syn av vinterstjerner og «skogdrøymd elv», men blir slått tilbake av einsemd og eit «steintungt hjarta». Rytmen og klangen i dikta gjer at fantasiane om mennesketomme landskap blir intense og vakre, men det går jo ikkje an å leva der? Når våren brest fram, gjev det håp om at ein fellesskap kan bli verkeleg, òg for diktaren.

Diktsamlinga har gått frå å bli avskriven som uviktig til å bli skatta som ei sentral overgangsbok i forfattarskapen til Hauge. Det er her Hauge finn seg sjølv som poet, og det er i denne samlinga me finn eit av Hauges kanskje aller beste dikt, «Gullhanen»: eit sonettdikt som lyfter Hauge opp på eit internasjonalt nivå som forfattar. Gjennom årets festival ynskjer me å bli meir fortrulege med denne diktsamlinga av Hauge.

Årets Poesifestival tek pulsen på samtidspoesien med det lyriske mangfaldet i Seint rodnar skog i djuvet som utgangspunkt.