Hopp til hovudinnhald

Forfattarbesøk i skulen:
Oppdrag romvesen

NB! Arrangementet har funne stad
Brakanes skule og Granvin skule Poesifestivalen 2026
11. sep. 2026
  • 1/1
    Ingunn Thon Signe Luksengard

Ingunn Thon vitjar elevar frå 1.–4. trinn og fortel frå boka si Oppdrag romvesen. Her blir elevane kjende med Jakob og den nye naboen hans, Ramona, som viser seg å vera eit romvesen. Oppgåva til Jakob er å passa på at ho og familien ikkje blir avslørte. Men korleis skal det gå når Ramona tek med seg ein diger fisk i matpakka, blir forvandla til ein hai når dei er i akvariet, og får alle i klassen til å sovna når ho syng?

Ingunn Thon (f. 1986) debuterte med boka Ollis i 2017 og har sidan skrive fleire bøker for born om venskap, familie og mot. Ved sida av forfattarskapen er ho kjend som dokkespelar og programleiar i NRK Super.