Hopp til hovudinnhald

Naustlandet: Forfattarmøte med Eva Røyrane

Forfattar og journalist Eva Røyrane kjem til Haugesenteret for å fortelja om boka Naustlandet. Saman med fotograf Oddleiv Apneseth har Røyrane reist langs heile norskekysten for å undersøkja korleis det står til med nausta våre i dag.

Haugesenteret
Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norge
14. april 2026
19.00
Kjøp billett
  • profilbilde av Eva Røyrane og omslaget av boka Naustlandet
    Eva Røyrane / Naustlandet Jan M. Lillebø | Skald

Naustet har vore ein naudsynt del av kystlivet så lenge folk har halde seg med båtar. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men mykje tyder på at naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinna.

I føredraget tek Røyrane publikum med til naust på vêrharde nes og inst i fredelege fjordar, frå sjøsamiske naustgammar som går i eitt med landskapet, til naust som står markant fram som minne om ei anna tid. Ho fortel òg om døme på vern og restaurering, og om kvifor nausta er ein utsett og ofte nedprioritert del av kulturhistoria vår.

Arrangementet er i samarbeid med Skald forlag.

Billett kr 200