- 1/1
Orhan Tekelioğlu Haluk Çobanoğlu
Tekelioğlu er ein framståande formidlar av norsk poesi i Tyrkia. Han har gjeve ut to større samlingar med utvalde dikt av Olav H. Hauge på tyrkisk, og gjennom desse omsetjingane har Hauges dikting blitt lesen av studentar, kritikarar og andre litteraturinteresserte. Det er òg blitt laga tyrkisk musikk inspirert av Hauge-dikt.
I arbeidet med omsetjingane har Tekelioğlu samarbeidd med tyrkarar i Noreg og Hauge-kjennarar, mellom anna Jens Haukaas frå Ulvik. Saman med Bodil Cappelen, enka etter Olav H. Hauge, har han òg omsett utvalde delar av dagbøkene til Hauge.
I samarbeid med Poesifestivalen i Ulvik arrangerer Venelaget ein konsert på Rossvoll, garden til Olav H. Hauge. Her framfører Juni Dahr Hauge-dikt saman med musikarane Tore Brunborg og Per Oddvar Johansen. I samband med konserten blir Amboltprisen delt ut, og vinnaren vil fortelja om arbeidet med å fremja Hauges dikting i Tyrkia.
Sjå arrangementet her: